Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Her er maten klar!

Her er maten klar!

Litt oppvask må også til!

Litt oppvask må også til!

Salaten er klar!

Salaten er klar!

Hjartelefse var noko nytt!

Hjartelefse var noko nytt!

Sjokoladekaka snart klar til steiking.

Sjokoladekaka snart klar til steiking.

Ein liten smak er lov!

Ein liten smak er lov!

Sommarskule - kokkekurs ved VBK.

 

Denne sommaren kunne kommunane søkje om Koronamidler som skulle brukast til å arrangere sommarskule for barn i grunnskulealder. Fjord kommune søkte og fekk midlar, og dei kontakta m.a. frivillige lag om dei kunne gi eit tilbod. Valldal Bygdekvinnelag sa seg villige til å arrangere kokkekurs kombinert med litt leikeaktivitetar. Dette skulle skje i veke 32.

Det vart arrangert 3 kokkekurs,- måndag og tysdag for 1.- 4. klasse og onsdag 5.- 9. klasse. Det var påmeldt 16 barn kvar dag, så då vart det 4 grupper og 4- 6  vaksne leiarar kvar dag. Solveig Linge Stakkestad er gamal hustellærar og veit korleis ting må gjerast for å få det til, og ho var også kjend på kjøkkenet frå før. Men dei hadde mykje på programmet, så det kunne bli litt hektisk for å få alt til i rett tid! - Det må også nemnast at det var elevar frå alle skulane i Fjord kommune, så mange var ukjende på kjøkkenet.

På føremiddagane laga dei mat som skulle etast til lunch, og etter lunch fekk dei lage noko dei kunne ta med heim. Litt pausar vart det sjølvsagt også, og då var Astrid Bakke Andersen klar med gamle leikeaktivitetar eller også dans.

Det var mange frivillige frå Bygdekvinnelaget med på dette, fleire kvar dag. Det var veldig kjekt, men hektisk, så dei var ganske slitne etter ein kjøkkendag! Solveig, Bjørg og Mette V var dei som planla dette og var også mykje med på kurset, og elles var også Vigdis, Aase, Elin og Mette Marie med.

Dei fekk lage nydeleg tomatsuppe, langpannebrød, havrekaker, lasagne, salat og tjukkelefse. Maten fall i smak, så dei åt godt! - Fekk også med flotte oppskrifthefte heim (takk til Mette V) !

Tusen takk til dei i Bygdekvinnelaget som brydde seg, laga kursopplegg og fekk med nok frivillige no i ferien!