Sommartur til Hatløya - Randi sitt rike
Laurdag morgon før sola kom på Sylte, møttest 20 heldige kvinner frå Valldal Bygdekvinnelag på kaia. Det var klart for sommaravslutning, vi skulle på langtur - heilt ut til øyriket i Ulstein! Fem privatbilar vart fylt med fire personar i kvar, og turen kunne starte. Astrid som no bur i Ålesund vart med derifrå, fole kjekt at det passa for så mange.
Litt venting på ferja på Sulesund gjorde berre godt, fotstrekk må til. Vel frame ved småbåthamna i Ulsteinvik kom skipper Jon og henta første pulje, ti i talet, før dei neste ti vart henta.
I land på Hatløya kom Randi på kaia og tok imot heile gjengen. Vi rusla gjennom mykje hasselskog, forstår at namnet på øya kjem av lauvskogen som trivst ekstra godt der. Randi og Signe hadde stelt i stand nydeleg trøndersodd til oss på skulen som velforeininga på øya no eig. På veg til skulen fekk vi sjå naustet, huset og utegangarsauene til Jon båtførar.
Randi ynskte velkomen, og spelte ein fin vals til oss på toradaren sin!
Sodden var velsmakande og mettande, Aase som er ‘ækt trønder’ spanderte korrekt og spennande tilbehør til , - skjenning. Fint å sitje ute og nyte det gode måltidet.
Veret var litt skiftande, men himmelen vart meir og meir blå utover dagen.
Randi tok oss med gjennom innmark og skog, og der eit stykke lenger bort på øya, kom vi til barndomsheimen hennar som ho har overteke, renovert og teke godt vare på. Tett skog med mest sitkagran gjer at staden er lun og nesten trekkfri - granene har vorte store og kraftige sidan dei var planta i 1957. Litt sjøutsikt har ho likevel, sjøen er jo ikkje langt unna på Hatløya. Vi fekk sjå oss om både ute og inne,
Etter øyvandringa og tilbake på skulen, var det kaffi og kaker til gjengen, ein smaksrik fulltreffar i solskinet. Leiar Solveig framførde fin fødselsdagshelsing og takk til Randi, berre få dagar før ho fyller runde år.
Etter ein fin båtskyss tilbake til Ulsteinvik, vart bilane fylt opp av glade turdamer, og vi tok ein tur til bygda Flø. Veret var ekstra varmt og vind var det lite av, så dei store bårene viste seg ikkje for oss. Så mykje himmel og hav på ein gong er likevel imponerande for oss frå dalstroka med fjell på alle kantar, kjekt å få med seg.
Heimturen gjekk heilt utan forviklingar, hyggjeleg prat ombord i bilane. Vi kom heim til Sylte att litt før butikkane stengde for kvelden. Ein varmtakk til turkomiteen og Randi som gjorde denne fine turen muleg, ei oppleving vi gøymer i hjartet lenge.
Linda
Tekst: Linda Myren
Foto: Linda og Judith