Sommartur til Rauma
Busstur til Rauma 11.juni
Turgruppa hadde jobba godt for å få til dette opplegget, som ei avslutning før sommaren.
Det var tinga turbuss frå Geiranger skysslag og heile 29 personar hadde meldt seg på turen som også
var open for ikkje-medlemmer. Med ein røynd sjåfør starta turen fram gjennom bygda, der vi
kunne stige på undervegs. Gerd informerte om programmet for dagen, og sjåføren hadde sin
presentasjon. Med lettskya ver, og klar luft bar det over Trollstigen.
Første stopp var ved Trollveggen, med eit flott skue til den kjende fjellrekka og med bygningar og
togvogn som symboliserar farne tider.
Vidare gjekk turen til Romsdalshorn med besøk på museet på Ner-Hole. Eit bygdemuseum i det
praktfulle huset med ein meter tjukke veggar av stein! Vi fekk god informasjon av guiden som
orienterte oss om historia til huset, og arbeidet som har blitt gjort med å ta vare på bygningane og
inventaret. Grytten bygdekvinnelag serverte oss kaffi og god heimebakst. Ner-Hole er verd eit besøk
for andre, her er faste tider med kafe og samankomstar.
Deretter bar det vidare til Isfjorden og Woldstad gard.
Først på programmet var foredrag ved Johan Setnes frå Tuen gard.
I reiskapshuset på garden var det innreidd selskapslokale, og Johan plasserte oss i grupper med tanke
på vinsmaking med tilhøyrande konkurranse. Først ein presentasjon av famileband og historisk
tilbakeblikk knytt til vinproduksjonen. Fantastisk utnytting av råvarer frå naturen og vi skulle finne ut
av kva råstoff som var knytt til det enkelte produkt. Ein del av selskapet hadde vore med på liknande
konkurranse før, men ikkje alltid enkelt å finne fram til dei rette bæra/frukta!
Litt på etterskot i høve programmet var det tid for ei matøkt i «ku-fjøset» på garden, der vi fekk
informasjon om historia bak v/tidlegare drivar. Deretter vart vi servert fiskesuppe m.brød til.
Neste stopp var ved Rødven stavkyrkje, imponerande byggverk og god informasjon av guiden.
Brosjyrer kan gje meir info om historia bak, der ein har prøvd å tidfeste bygninga og dei ulike
byggestega.
På turen attende til Åndalsnes viste Linda oss kvar hennar mor hadde vakse opp i Gjerdsetbygda og
fortalde om kvifor hennar familie hadde hamna akkurat der.
May viste oss kvar ho hadde hatt sine første leveår, ved stranda like ved Isfjorden. På den tid var det
vanleg å ta båt over til Åndalsnes. Interessant å høyre om kva både Linda og May kunne fortelje.
Ved Veblungsnes tok Johan Settem mot oss, og viste veg til Tuen gård der dei tek imot grupper for
info om produksjonen. Alternativ for dei som ikkje var med på dette var eit besøk på Rauma ullvare.
Deretter bar det vidare over Trollstigen mot Valldalen att, og vi var samde om at det hadde vore ein
gild tur!
Ein stor takk til turnemnda og særleg Gerd som har hatt arbeidet med planlegging og gjennomføring av turen!
Tekst: Magnhild
Foto: Bjørg