Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Alle 34 samla til god middag på Trollstova.

Alle 34 samla til god middag på Trollstova.

Trollstova!

Trollstova!

Vertskapet Anne Kristin og Kjartan  Lied.

Vertskapet Anne Kristin og Kjartan Lied.

Maten smakte godt !

Maten smakte godt !

Kjartan Lied  fortalde historia bak Trollstova.

Kjartan Lied fortalde historia bak Trollstova.

Solveig og Nelly orienterte om planane til Vbk framover.

Solveig og Nelly orienterte om planane til Vbk framover.

Koselege sofagrupper ser vi og i lokalet.

Koselege sofagrupper ser vi og i lokalet.

Utsikta er flott, dette er tatt seint på ettermiddagen.

Utsikta er flott, dette er tatt seint på ettermiddagen.

Søndagsmiddag.


Søndag 17. februar var det tid for den årlege søndagsmiddagen for oss i Bygdekvinnelaget.

 

Vi fekk be med oss nære eller kjende, og heile 34 møtte opp til koldtbordmat og varmmat ! – Det vart servert kvit bacalao og gryterett, og på koldtbordet var det laks og spekemat frå lokale produsentar. Ein nydeleg fruktdessert og kaffi høyrde også med.

Vertskapet på Trollstova er Kjartan og Anne Kristin Lied, og Kjartan fortalde om korleis Trollstova har blitt til. I bygningen var det tidlegare butikklokale og også lokalt bryggeri. Butikken vart lagt ned rundt tusenårsskiftet, og då vart bryggeriet som produserer Slogenøl, flytta til ei eiga bygning . Då kom ideen om å få til eit lokale som kan nyttast til ulike arrangement, - det vart full renovering, og Trollstova vart namnet.  Utsikta er flott mot fjord og fjell, også fjellet Slogen som har gitt namn til ølet.

Lokalet blir utleigt til lokale arrangement, men målet er å også kunne få turistgrupper som gjestar. Dei nyttar lokal mat mest mogleg, og vil også fortelje historia til bygget og anna lokal historie. Kjartan Lied er også kjend som songar, og vi fekk ei lita operette som kunstnerisk innslag.

Det såg ut til at gjestane kosa seg med maten og praten, og også med innslaga frå vertskapet.