Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Full aktivitet.

Full aktivitet.

Nydelege blomster, noko kjøpt, noko fått av Linge Gartneri.

Nydelege blomster, noko kjøpt, noko fått av Linge Gartneri.

Jordbærpyramiden treng stell og vatn!

Jordbærpyramiden treng stell og vatn!

Fint til 17.mai!

Fint til 17.mai!

Fine margaritter, og trapperista som Oddbjørn renoverte!

Fine margaritter, og trapperista som Oddbjørn renoverte!

Nydelege stemorsblomster.

Nydelege stemorsblomster.

Svært vellukka dugnad.

Måndag kl 13 var det klart for vårdugnad i hagen ved Valldal sjukeheim. Vi hadde kjøpt inn blomster og jord, og dei 13 som møtte opp jobba som heltar. Det vart planta i krukker og bed, Oddbjørn gjorde storarbeid med trapperista til paviljongen, bærbuskene fekk det bedre, og løvetann og skvalderkål forsvann som dugg for sol! Det vart gjort ein kjempejobb mot ugraset i det gamle bedet, av både gamle og unge! Ei spesiell takk til Lyuba frå Ukraina, ho vart også  igjen etterpå og ville gjere plattingen ekstra fin!
Stor takk  til Linge Gartneri som spanderte to brett med stemorsblomster!  Veldig kjekt å få .
Kjøkkenet spanderte vatn, kaffi og litt å bite i, så då vart det litt dugnadskos!
Kjekt var det også at vi fekk ros frå Lisbeth, Inger Anne og Marit. Og eit par av bebuarane var også svært fornøgde.
Kjekt å ha dugnad i godt ver og med blide, arbeidssame folk. Tusen takk til alle.
Judith G Krogh
( leiar for Sansehagegruppa)

Prøver å få dette in i Storfjordnytt.