Syng med oss
Tysdag 16. april på stova på sjukeheimen. Triveleg sangstund denne gongen og.
Vi hadde plukka ut ei lang liste med vårsongar, litt Prøysen og nokre fine salmar. Også denne gongen var fleire av pårørande, venner og betjeninga med slik at dette vart eit fyldig kor! Det var veldig kjekt!
Astrid tok turen innover frå Moa både for å besøke Helge, men også for å leie sangstunda. Tusen takk, Astrid! Vi nytta anledninga til å synge "Astrid, mi Astrid" , koseleg og rørande!
Takk til Carolin som alltid stiller opp, kjekt også at den nye diakonen i Fjord kommune var med. Han heiter Frode Stenberg-Eriksen og likte å synge.
Takk også for at personalet la alt godt til rette for oss.
Neste Syng med oss blir 21. mai