Syng med oss
Tysdag, 11. juni var det klart for siste Syng med oss før sommaren. Linda hadde både plukka ut nye songar og leidde songstunda framifrå.
Carolin med stødig tonefølgje og song som vanleg.
Erfarne og stødige stemmer i forsangargruppa; Synnøve, May, Liv og Astrid!
Godt frammøte frå bebuarar og tilsette i dag, ei rett triveleg stund fylt med songglede. To spenstige musikkinnslag ved Carolin i ein pause midt i songprogrammet, m.a. Jølstring av Edvard Grieg der fingrane fekk ekstra fart over tangentane.
Vel møtt etter sommaren! Takk til alle som har stilt opp denne våren.
Tekst og foto: Linda Myren