Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Frå sangboka.

Frå sangboka.

Syng med oss

Onsdag 24. oktober hadde vi ei kjekk sangstund på sjukeheimen i Valldal. Denne gongen var det litt fleire frå huset, og også fleire frå bygda som var med og gjorde sangen litt fyldigare! Carolin stilte opp og spela stødig som vanleg. Ho spelte også ein fin vals av Chopin. Såg at mange kosa seg med den og også med dei andre sangane som Linda hadde leita fram.

Kjekt å sjå at mange kosa seg, stor takk til Carolin, Linda, Judith, Vesla, Liv, Else og Magnhild. 

Neste Syng med oss blir 19. november.