Syng med oss.
Tysdag,3. desember var det klart med kjende og kjære julesongar på arbeidsstova på Heimen. Linda og Carolin hadde plukka ut ei fin samling, nokre vekte fleire minner enn andre. Vi var 16 som kosa oss denne timen, og var veldig glade for eit par nye mannsstemmer som høyrdest godt.
Takk for i år både til bebuarar og for dei som kjem og syng saman med oss. Ekstra takk til Linda, Vigdis og Carolin.