Syng med oss
Tysdag 18. november var Arbeidsstova på Valldal sjukeheim klar for ny songstund. Også denne gongen var det godt frammøte av både bebuarar og folk utanfrå. Linda hadde orden på songar og sidetal, og Carolin akkompagnerte på piano. Vi fekk også kvile stemmebanda våre litt medan ho spela ein nydeleg kveldsmelodi av Chopin.
Neste gong blir 9. desember, så då håper vi mange vil vere med på fine julesongar.
Foto: Linda
