Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Nydeleg sang av Otilie

Nydeleg sang av Otilie

Lyskunst i hagen

Lyskunst i hagen

Syng med oss

Tysdag 17. mars var det fullt hus på Arbeidsstova ved Valldal sjukeheim. Trur vi var vel 20 samla for å synge eller høyre på musikken, og det vart god stemning.

 Ekstra kjekt var det at vi hadde med Otilie Rem som sang to nydelege songar for oss. Det var Imagine av The Beatles og ein låt av Bjørn Eidsvåg. 

Stor takk til Carolin, Vigdis og Linda som organiserte og gjennomførte dette. Takk også til Otilie, og alle andre som nok ein gong gjorde dette til ei kjekk sangstund.

Neste gong blir 28. april.

NB! Vi såg også eit fargerikt kunstprosjekt i hagen ved sjukeheimen. Det var 5. klasse ved Valldal skule som hadde laga og mala dette i lag med 

nokre av pasientane. Det skal lyse fint i mørkret, så det er berre å gå ein liten kveldstur å sjå!