Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Kjell Rønning underheldt med munnspel.

Kjell Rønning underheldt med munnspel.

Vi fekk høyre både vals, tango og mazurka.

Vi fekk høyre både vals, tango og mazurka.

Linda var songleiar og hadde funne mange, fine vårsongar.

Linda var songleiar og hadde funne mange, fine vårsongar.

Carolin som alltid stiller opp og spelar fekk blomsterhelsing frå Vbk.

Carolin som alltid stiller opp og spelar fekk blomsterhelsing frå Vbk.

Syng med oss i mai

Tysdag 21. mai hadde vi ei kjekk sangstund på Valldal sjukeheim. Også denne gongen vart det ganske fullt på stova, veldig kjekt!

Linda Myren hadde plukka ut fine vårsongar, og ho leidde songstunda  svært fint. Carolin var stødig på pianoet, og Vesla og Judith hjelpte til som forsangarar. Nokre pårørande og ansatte hjelpte også til.

Vi var denne gongen heldige og fekk litt variasjon med Kjell Rønning som spelte to økter på munnspel. Såg ut som det også fall i smak. 

Siste gong før sommarferien blir 11. juni. Kanskje flytta til kl 16?

Vbk