Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Bjørg er ny leiar i laget og ønskte velkomen.

Bjørg er ny leiar i laget og ønskte velkomen.

Valldal spelmannslag laga god stemning.

Valldal spelmannslag laga god stemning.

Julesongar med Dagrun ved pianoet og Bjørg som forsangar.

Julesongar med Dagrun ved pianoet og Bjørg som forsangar.

Gode kaker smakte godt til god prat rundt borda.

Gode kaker smakte godt til god prat rundt borda.

Solveig og Nelly klar med årane!

Solveig og Nelly klar med årane!

Mange fine gevinstar som medlemane hadde gitt inn.

Mange fine gevinstar som medlemane hadde gitt inn.

Tjuandedagsfest

Tjuandedagsfest 12.januar
Valldal Bygdekvinnelag har dei siste åra invitert til julelag på open omsorg første søndagen i januar.
Dette året valde vi å kalle samkoma «tjuandagsfest», og legge den til søndagen nærast 13.januar.
Kafegruppa i VBK var ansvarleg for arrangementet som var ope for alle som ønskte å vere med.
Dei dekka borda vart snart fullsett, det var gledeleg at så mange hadde møtt fram!
Leiar i laget Bjørg Sætren Kleppe ønskte velkomen og orienterte om programmet.
Dagrun Vikesland bidrog med pianospel til allsongen.
Valldal spelemannslag stilte velviljug opp med feiande flotte innslag i to avdelingar. Det skaper alltid
god stemning når dei kan bidra med musikalske innslag på desse samankomstane.
Servering er alltid viktig på slike festar, og dei frammøtte fekk forsyne seg av eit rikhaldig kakebord til
kaffien! Eit «varemerke» til bygdekvinnelaget er åresal, salet gjekk strykande med mange flotte
gevinstar i premie til dei heldige som vart uttrekt!
Leiar takka for deltaking og bidrag til arrangementet, og vi avslutta feststunda med «Deilig er
jorden.»

Tusen takk til Kafegruppa, Spelmannslaget, Dagrun og Bjørg.

Tekst: Magnhild Grønningsæter ( skrivar)

Foto: Judith