Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Byggrynssalat og graut og vaffel.

Byggrynssalat og graut og vaffel.

Det var to sortar graut,- smørgrat og ekstra god risengrynsgraut.

Det var to sortar graut,- smørgrat og ekstra god risengrynsgraut.

Ingrid Lamark, prosjektleiar for Tradisjonsmatskolen.

Ingrid Lamark, prosjektleiar for Tradisjonsmatskolen.

Ingrid fekk data og prosjektor til å samarbeide.

Ingrid fekk data og prosjektor til å samarbeide.

Solveig overrekte Seterboka vår til Ingrid som takk for innsatsen .

Solveig overrekte Seterboka vår til Ingrid som takk for innsatsen .

Åresal med sommarblomster som gevinstar.

Åresal med sommarblomster som gevinstar.

Bjørg Kleppe las dikt av Inger Hagerup.

Bjørg Kleppe las dikt av Inger Hagerup.

Mange som kosar seg med program og mat.

Mange som kosar seg med program og mat.

Vi var ca 40,- mange gjestar frå bygdekvinnelaga i Sunnylven, Stranda, Ørskog og Tresfjord.

Vi var ca 40,- mange gjestar frå bygdekvinnelaga i Sunnylven, Stranda, Ørskog og Tresfjord.

Tradisjonsmat !


Besøk av Ingrid Lamark, prosjektleiar for Tradisjonsmatskolen i Norges Bygdekvinnelag.

 

Torsdag 29. april vart ein stor og hyggeleg kveld på Martin Lingehuset. Ikkje berre hadde vi besøk av Ingrid Lamark frå NBK , men vi hadde også invitert gjestar frå nærliggande bygdekvinnelag. Dei kom frå Tresfjord, Ørskog Stranda og Sunnylven, og vi var derfor ein flott gjeng på ca 40!

 Leiaren vår, Solveig, ynskte velkommen og gav ordet til Ingrid Lamark. - Ho starta med å seie at det å ta vare på tradisjonsmat og overføre lærdommen til nye generasjonar har vore ei av hjartesakene til Bygdekvinnelaget. For nokre år sidan, i 2016, samla ein inn oppskrifter som vi kan finne på norsktradisjonsmat.no   

Arbeidet med Tradisjonsmat kan kombinerast med dei fleste av Bygdekvinnelaget sine hjertesaker: - Trygt miljø, - skolemåltid, - kulturarv, - matglede, - barndomsminner, - kvinnefellesskap, - liv i bygda, - inkludering, - bærekraft, - mangfold på bordet.

NBK og UNESCO.

 I fjor vart Bygdekvinnelaget anerkjent av UNESCO for å vere ein organisasjon som  tek vare på og vidarefører mattradisjonar og immateriell kultur. Tradisjonsmatskolen er det nye prosjektet i NBK, heile 160 lag har meldt seg på. Dei er forplikta til å halde minst 2 kurs om tradisjonsmat, så derfor veit vi at det minst blir halde 320 kurs dette året!

Tid for god mat og drikke!

Mette Marie hadde laga nydeleg byggrynssalat med byggbrød til, Nelly hadde laga tradisjonsmat frå Nordmøre,- graut og vaffel, Alt smakte heilt nydeleg!

Etter maten vart det utlodning med åresal, og gevinstane var nydelege sommarblomster. Solveig orienterte så om Samrådingsmøtet for Møre og Romsdal som skal vere i Valldal 13. - 15. september. Mykje spennande på programmet!

Ingrid orienterte også om inspirasjonsseminaret i Trondheim i november!

Så var ein kjekk kveld til ende, - ein av gjestane frå Stranda takka for ein lærerik og hyggelig kveld,