Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Frank og Turid stiller opp som frivillige !

Frank og Turid stiller opp som frivillige !

Stor grautgryte!

Stor grautgryte!

Mykje tilbehør å velge i !

Mykje tilbehør å velge i !

Nam - nam !

Nam - nam !

Ungdomsskulen får nydeleg frukostgraut !


Valldal Bygdekvinnelag ville prøve eit prosjekt med frukostgraut. Vi kontakta Valldal skule og vart einige om å prøve dette i Ungdomsskulen. Det er kanskje der det er flest som hoppar over frukosten.

 

Så no i mars starta prosjektet ved god hjelp av frivillige både foreldre, besteforeldre og andre ! Måndag, onsdag og fredag vert det nydeleg graut, og dei aller fleste vil ha ein porsjon. Nokre vil også ha påfyll !

Dei kan velje godsaker til å ha oppå grauten,- sukker, kanel, rosiner, eplebitar, syltetøy og cottage cheese. 

Dugnadsgjengen startar kokinga i halv åttetida, - og ca kl 8 er det klart til servering for dei første som kjem. Bussane kjem litt seint, så dei får 10 minutt av første time slik at alle kan få smake. Dei fleste eg såg åt seg ein porsjon, og fleire av dei eg snakka med åt ikkje frukost til vanleg, så eg sa at skuleprestasjonane kom til å fyke oppover !  - Nokre av lærarane som hadde tid fekk seg og ein liten porsjon med sunn graut.

Havregrauten var spesielt god, sa dei, så vi får kome tilbake med oppskrift frå Solveig og oppsummering når prosjektet er ferdig.