Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Rose- og liljebedet vart flott! - Anne sin innsats!

Rose- og liljebedet vart flott! - Anne sin innsats!

Anne gjorde skikkeleg arbeid, tok opp alle steinane rundt.

Anne gjorde skikkeleg arbeid, tok opp alle steinane rundt.

Bjørg og Turid planta i nye verandakasser på Open omsorg.

Bjørg og Turid planta i nye verandakasser på Open omsorg.

Dette skal bli fint håper vi.

Dette skal bli fint håper vi.

Dei sprekaste tok skvalderkålbedet!

Dei sprekaste tok skvalderkålbedet!

Godt frammøte, nesten 20.

Godt frammøte, nesten 20.

Prøvde å gjere solplassen utanfor vaskeriet litt finare, og med betre stolar og bord.

Prøvde å gjere solplassen utanfor vaskeriet litt finare, og med betre stolar og bord.

Sjukeheimen hadde kjøpt inn nye stolar og bord.

Sjukeheimen hadde kjøpt inn nye stolar og bord.

Tulipanane står fint no.

Tulipanane står fint no.

Flott hage! - Og mange frivillige hjelparar.

Flott hage! - Og mange frivillige hjelparar.

Bilen til Elinor fullasta med blomster.

Bilen til Elinor fullasta med blomster.

Kjøkkenet kom med kaffi og skuffekake.

Kjøkkenet kom med kaffi og skuffekake.

Vårdugnad

På måndagsettermiddagen var det stor aktivitet ved Valldal sjukeheim og bygget for Open omsorg. Blomster og jord var innkjøpt, og folk møtte opp med utstyr som kunne brukast til det meste.

Det vart planta i krukker, pyramide og verandakasser, bærtrea fekk stell, ugras vart fjerna frå heller og plen, og skvalderkålet er borte vekk! Men det varer nok ikkje lenge!

Denne gongen søkte vi om midlar frå gåvekontoen på sjukeheimen, og vi fekk 5000kr for å bruke til blomster. Heimen har også kjøpt inn nye bord og stolar til hagen, og det vart retteleg fint.

Stor takk til Linge gartneri for rikeleg gratis lobelia og gjødselfrø, og til kjøkkenet som stilte med kaffi og kake.

Kjempestor takk til gjengen på 18 som jobba strålande for å få det så fint som mogleg.

No må det lagast vatningsliste for sommaren!

Kjekt å arrangere med så mange gode hjelparar!

Helsing Sansehagegruppa,- Valldal Helselag, Valldal bygdekvinnelag og Pårørandeforeninga.

Foto: Bjørg og Judith