Vbk på kulturdag på skulen.
Måndag 2.10.23 var det kulturdag for mellomsteget ved skulane i Fjord kommune. Alle elevane var samla i Valldal, nokre på skulen, andre i bygda.
Valldal Bygdekvinnelag vart spurt om å hjelpe til på ei kjøkkengruppe, og Solveig, Petra og Linda stilte opp. Dei laga grønsaksuppe, rundstykker og eplekake. Skulen fekk grønsaker frå bønder i Valldal, og Vbk spanderte ingrediensar til rundstykker og eplekake.
Det såg ut til at både elevar og hjelparar kosa seg, så dette var eit godt tiltak.