Verdas matvaredag
Mange hadde funne vegen til Martin Linge-huset tysdagskvelden. Der hadde aktive damer frå Bygdekvinnelaget laga klart til stor konferanse med dyktige foredragshaldarar, gode smaksprøver av bygg og underhaldning av Kulturskulen.
Førstemann ut var Grethe Brundtland, styremedlem i NBK, ho orienterte om at eit av satsingsområda til Bygdekvinnelaget er tradisjonsmat. I år er bygg i fokus, og laget har inngått sambeidsavtale med Coop om ein kampanje der ein også deler ut smaksprøver av bygg.
Ho gav så ordet til professor og seniorforskar, Einar Risvik. Han starta med å rose Bygdekvinnelaga for arbeidet dei gjer for tradisjonsmat, sunn, kortreist mat og levande bygder. Han er sjølv medlem, som ein av få menn !
Han snakka om kor viktig det var å bruke meir bygg i kosthaldet. Halvparten av kornet vi dyrkar i Norge er bygg, men berre 99 prosent blir brukt til dyrefor. Bygg kan dyrkast over heile Noreg, vi kan derfor dyrke meir av eigen mat. Ernæringsmessig er bygg godt for fordøyinga, gir meir stabilt blodsukker, mindre kolesterol i blodet og gir sein energi slik at du kjenner deg mett lenge. Bygg inneheld fiber, antioksydantar og gode feittsyrer.
Risnes har engasjert seg mykje i arbeidet for å betre mattilbodet til eldre, og han er også ein varm talsmann for skulemåltid. Graut og saftsuppe kokt på bygg eller havre må tilbake !
Det vart ein god pause der det var laga til smaksprøver med bygg som hovudingrediens. Mykje godt ! - Der var også freistande fruktspyd, eplekake, kaffi og te. Imponerande av Mette Marie og Nelly som hadde stått på ! - Virka som mange hadde lyst å prøve dette sjølve.
I siste del av foredraget sitt kom Risnes inn på Verdens helsesituasjon. Fedme har blitt eit stort problem , og i kontrast til fattigdom og svolt i andre land.
Vi fekk også eit engasjerande og lærerikt foredrag frå Anita Dyb Linge. Ho jobbar på Muritunet, er stipendiat ved Høgskulen i Volda, og snakka om Fedme og livsstilsendring.
Til slutt fekk salen kome med spørsmål til dei tre foredragshaldarane, og dei fekk også overrekt gåver laga av lokale produsentar.
Stor takk også til Håkon Myklebust som laga god lyd !
Vel blåst til Valldal Bygdekvinnelag som fekk til ein flott og lærerik konferanse om eit viktig tema.