Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Klar til servering av lammegryte! - Flotte, aktive damer!

Klar til servering av lammegryte! - Flotte, aktive damer!

Godt med smaksprøve i solveggen.

Godt med smaksprøve i solveggen.

Kjendisar i Valldal!

Kjendisar i Valldal!

Nydeleg lammegryte laga av Mette Marie og Torbjørn. Sjå oppskrift.

Nydeleg lammegryte laga av Mette Marie og Torbjørn. Sjå oppskrift.

Kokka Mette Marie og medhjelpar Bodil. Ingrediensar sponsa av Nortura og Bama.

Kokka Mette Marie og medhjelpar Bodil. Ingrediensar sponsa av Nortura og Bama.

Dette smaka godt, sa Randi og Mariann.

Dette smaka godt, sa Randi og Mariann.

Smittevern måtte også takast omsyn til.

Smittevern måtte også takast omsyn til.

To gode kollegaer som slo av ein prat.

To gode kollegaer som slo av ein prat.

Bruk heile dyret.

Bruk heile dyret.

Verdas matvaredag.


Bruk heile dyret.

Fredag 16. september stilte Valldal Bygdekvinnelag opp med smaksprøve av lammegryte utanfor Sylteormen Bakeri. Veret var det aller beste, og i starten kom det ein heil del folk for å smake og prate. Det var fint å sitje i solveggen utanfor bakeriet, fleire bønder fann også vegen dit, og det vart snakka om jerven og dei store tapa av lam her i bygda. 

Mette Marie Døving hadde laga nydeleg lammegryte med rotgrønsaker. Nortura hadde sposa med lammekjøt, og Bama med grønsaker. Det smakte veldig godt, og fleire tok med opplysningshefte med oppskrift for å prøve heime. 

Bygdekvinnelag vil få fram verdien av å bruke heile dyret, både fordi det er berekraftig og fordi dei ulike delane gjev oss spennande oppskrifter. Tradisjonelt har nordmenn tatt i bruk fleire delar av dyret, men etter som færre bur på gard, og mange av desse heller ikkje slaktar sjølve, er vi ikkje lenger så medvitne på kva delar av dyret vi et. Bygdekvinnelaget vil løfte fram oldemor sitt prinsipp der alt som kunne brukast til mat vart nytta.

«Bruk heile dyret» skal vere ein positiv aksjon for bruk av heile dyret. På sjølve aksjonsdagen vil vi setje fokus på lam. Vi håpar ditt lokallag vil bli med! Norges Bygdekvinnelag vil saman med Nortura, NorgesGruppen og Bama fremme bruken av heile dyret.

Vi kan saman skape medvite kring verdien av dyret, bonden, god sunn lokal mat, og ikkje minst kunnskap om mat.

--- Ein fin ettermiddag, god lammegryte, mange kjekke samtalar, mange bygdekvinner som stilte opp. - Skulle ønske at endå fleire tok ein tur bort og fekk smake godsakene våre!

 

bruk-heile-dyret_a5_brosjyre_digitalt_oppslag_0.pdf