Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Vervekampanje 2021

Vervekampanje 2021

Vervekampanje 2021


Hei!

Er du glad i bygda di?

Valldal bygdekvinnelag  er ein god møteplass og eit godt kvinnefellesskap.

Vi støttar gode tiltak og tek initiativ til aktivitetar. VBK gjer ein skilnad i bygda

I denne korona tida er det viktig at vi tek vare på kvarandre, ein telefon og ein prat er godt.

VBK har månadens  dikt i SN –

VBK har plass til fleire tankar og idear-- blir DU med?

Helsing Solveig  

 

Her kjem litt info frå hovudlaget:

Kjære alle lokal- og distriktslag i Norges Bygdekvinnelag!

Veke 5, 6 og 7 er Norges Bygdekvinnelag sine verveveker. Vi håpar alle laga i Bygdekvinnelaget vil delta i år òg - på tross av koronapandemien. Kanskje er det nettopp no det er hyggeleg å få ein telefon frå ei bygdesøster som spør om ein vil bli medlem? Kanskje er det no mange kjenner på at ein vil vere med i eit fellesskap. Inviter gjerne til ein aktivitet eller ei sosial samling som er tilpassa smitteverntiltaka i din kommune.

Aktivitetstips for å verve nye medlemmer:

Spør ein venn

Del minner i sosiale medier

Vis fram kva planar laget har framover (i alle fall kva ein har lyst til)

Inviter til kaffiprat på messenger

Ha eit lite digitalt arrangement

Gå tur

Inviter til bålprat

Lag ein lokal digital kampanje. Sjekk ut Råde Bygdekvinnelag sin kampanje frå 2019: https://bygdekvinnelaget.no/fylkeslag/ostfold-bygdekvinnelag/nyheter/ma-...