100 års jubileum til Voss Bygdekvinnelag
Festnemda hadde laga ei fin samkoma til jubilumet.
Program med mange fine innslag.
Tusen takk for alt arbeidet dei har hatt med jubilumet.
Voss Bondekvinnelag vart skipa 4. november 1925. Bondekvinnene på Voss hadde kome saman
tidlegare på hausten og drøfta om dei skulle skipa sitt eige lag. Dei ville gjerne ha eit eige lag der
dei kunna drøfta felles interesser og arbeid. Det låg eit ansvar i å vera kona på ein gard og vera
medansvarleg for dei sosiale, økonomiske og kulturelle tilhøva på garden og i bygda. Laget skulle
byggja på kristne og nasjonale verdiar, vera partipolitisk nøytral, og eit lag som alle bygdekvinner
kunna kjenna seg heime i. Anna Bjørgum vart vald som fyrste formann, og møta sine fekk dei ha i
kommunestyresalen mot ei leige på 2 kr for kvart møte, men måtte halda seg med ved sjølve.
Medlemspengane var 1 kr i året.
Lagssoga fortel om stort engasjement og kunnskapsformidling. Naturleg nok var det dei nære ting
som låg dei mest på hjarta: arbeid for å få innlagt vatn på gardane noko som ville letta arbeidet til
bondekona, barneoppseding, religion i skulen, støtte til kyrkja, formidling og kunnskap om norsk
matkultur og meir bruk av norske matvarer og grønsaker i kosthaldet, betre betalt for bonden sine
produkt, innreiing av kjøkenet, husflid og tradisjonelt handverk, betra bussamband, arbeid for
fosfatfrie vaskemiddel, kvinner meir aktive i mannsarbeid, læra å køyra traktor m.m.
(Kjelde Jubileumsboka 1975 Borgny Skeie.)
Voss bygdekvinnelag er eldste laget i fylket ( tidl. Hordaland) og eit av dei eldste i landet.
Medlemmene våre er frå tidleg i 30-åra til langt opp i 90-åra.
Me har eit aktivt styre og mange hjelpsame og positive medlemmer som stiller opp til dugnad på dei ulike arrangementa våre.
Me har som mål å føra arven frå tidlegare tider vidare gjennom engasjementet vårt. Me ønskjer å
skapa ein viktig møteplass med ulike sosiale aktivitetar.
Me lagar tradisjonsmat, me samlast på dugnad, drøftar saker som er viktige for oss og bygda. Me ser at interessa for tradisjonar og sjølvberging aukar. Me har årleg bakst av flatbrød og kling, blodpannekaker, nordlandslefse og mjølkekaker. Matkultur og tradisjonsmat er viktige likeeins formidling av kunnskap om
eigenproduksjon, sjølvberging og beredskap.
Me har bunadsutleige til både vaksne og born. Sist sommar hadde me utleigd brudekrona vår til
bryllup i Oslo.
Me legg stor vekt på sosialt fellesskap gjennom ulike møte og turar i nærmiljøet og opplevelsesturar
både med og utan overnatting.
Jubilëet vart feira 15. november 2025 i Vossasalen på Park Hotell. Det var fine dekka småbord til
omlag 80 personar. Festnemnda hadde førebudd eit samansett program med musikk- og
danseinnslag, lagssoge, talar og helsingar.
Kvelden starta med at 4 av medlemmene våre, som er med i Songkoret Bygdaklang, framførde «Vë no velkomne med æra» av Geirr Tveit.
Leiar i laget Hallbjørg Skjoldli Gjøstein, leia festen og ynskte innbedne gjester og alle andre velkomne og las sin eigen prolog nyskreven til festen.
Det vart servert middag med suppe, hovudrett og dessert og marsipankake til kaffien.
Ordførar Tonje Ljones Såkvitne bar fram helsing frå heradet og snakka varmt om bygdekvinnene
sitt frivillige arbeid.
Liv Kolskår, leiar i Distriktlaget, helsa frå HBK og takka for godt samarbeid.
Banksjef Jørund Rong frå Voss Sparebank heldt festtala og trekte trådar bakover i tid og satte dei
inn i notida, også litt sjølvopplevde minne frå lagslivet i grenda han vaks opp i.
Som takk for arbeidet VBK gjer, fekk laget 50 000 kr frå banken. Han ville me skulle bruka pengane på noko kjekt i laget.
Laga frå krinsen: Bjørgum, Myrkdalen, Oppheim og Hauge, Egdetveit og Vinje var
innbedne og bar fram helsingar og gåver.
To godt vaksne damer, Brita Almeland og Inger Ekrem, fekk blomehelsing. Dei hugsa langt tilbake i
tid og delte desse minna med oss.
Festnemnda hadde ein historisk gjennomgang med utdrag frå lagssoga.
Det var musikkinnslag med Synneva Gjelland m/band og hallingdans av Vossastassane.
Som avslutning på ein triveleg jubileumskveld, song me «Vossasongen».
Hallbjørg Skjoldli Gjøstein (leiar)
Torill Aaen Torpe (skrivar)