Hopp til hovedinnhold

Voss Bygdekvinnelag

Bakekurs på Tvildemoen


For eit par veker sidan hadde Voss Bygdekvinnelag to kurs i baking av nekabrød og tillaging av kling.

Kursa vart haldne på kjøkenet til Vestnorsk Kulturakademi på Tvildemoen, der me har kjøkenutstyret vårt.

Damene som deltok, tyktest å vera vel nøgde med kurset. Ei fortalde om korleis det kom attende til ho kor gildt det hadde vore å baka ilag med besto i barndomen.

På bileta ser de nokre av kursdeltakarane, og instruktørane.