Hopp til hovedinnhold

Voss Bygdekvinnelag

JOLEFEST LAURDAG 7.JANUAR 2023

Endeleg kunne me møtast att til jolefest etter ei lang pandemipause, og det vart ei koseleg samkome for
dei omlag 50 frammøtte som hadde funne vegen til Vonheim denne ettermiddagen.

Hallbjørg ynskte alle velkomne, spesielt til talaren for kvelden, Herborg Bryn, som me hadde gleda oss til
å høyra og venta på i to år no.
Festnemnda hadde pynta fint til fest. Ei stor takk til Hageland for alle dei fine Asaliane me fekk til å pynta
borda med. Menyen er den same år etter år, tradisjon langt bakover i tid, rjomegraut og marsipankake og
kaffi/te. Maten fall i smak. Stor takk til dei som var på kjøkenet heile kvelden og jobba for at me andre
kunne kosa oss med det dei diska opp med!
Herborg Bryn heldt ei engasjerande og flott tale der ho knytta tankar til fortid, notid og framtid. Den
raude tråden i talen handla om verdien av opplæring i lagsarbeid, om frivillig engasjement og at
samarbeid må til for å få noko til. Sjølv om utfordringane kvinneorganisasjonane står overfor endrar
seg i takt med tida, er samhald og fellesskap det som gjer det slitesterkt sa Herborg mellom anna. Og ho
avslutta med å seia at kanskje det viktigaste for Bygdekvinnelaget og andre lag, nå etter pandemien og
etter at det er blitt slik at alt praktisk kan ordnast på pc-en, er nettopp dette:» Å fortsetja med å halda oppe
møteplassane. For me treng desse møteplassane som aldri før».
Etter talen spelte Anders, Jonas og Martin nokre slåttar på fele før dei spelte inn grauten.
Gunnvor hadde skrive i Tuntreet, lagsavisa. Ho fortalde levande frå oppveksten sin i Ulvik og om alle
leikane borna i grenda fann på.
Det var gang kring joletreet og utdeling av klementinar etterpå.
Kari Bye spelte både før og etter programmet og til joletregangen. Fine og kjente jolesongar.
Hallbjørg avslutta kvelden. Ho takka Kari for at ho kunne vera med å spela, og Guro Sofie og Ingrid vart
henta ut frå kjøkenet og fekk fortent applaus.
Til slutt takka ho alle for ein koseleg kveld, og me avslutta med å syngja alle tre versa av «Fager er
Jordi».