Hopp til hovedinnhold

Voss Bygdekvinnelag

Kan du tenkja deg å verta støttekontakt?


Voss herad treng fleire støttekontaktar til born, ungdom, vaksne og eldre, som treng hjelp til å delta i sosial og meiningsfull fritid.


Har du sjølv, eller kjenner du nokon som har litt tid til overs, som kan tenkja seg å verta støttekontakt?

Voss herad har sendt førespurnad til bygdekvinnelaga i Voss om nokre av våre medlemer eller andre kunne vera interesserte i dette. Det er snakk om ca 2-4 timar i veka, med fleksibel arbeidstid. Dei ynskjer nokon som har moglegheit til å kunne vera støttekontakt helst i minimum eit år eller lenger. Førarkort og disponering av bil er ein fordel, men ikkje naudsynt for alle oppdrag. Heradet ynskjer både kvinner og menn.

Alle kan i utgangspunktet verta støttekontakt, det er ikkje krav om fagleg bakgrunn eller liknande. Ein får ei timegodtgjersle, og godtgjersle for utlegg og køyrde kilometer.

Er dette noko for deg? Ta kontakt for ein prat og meir informasjon med støttekontaktkoordinator Kari Meling Seim, tlf 48 01 45 73. E-post stottekontakt@voss.herad.no .