Hopp til hovedinnhold

Voss Bygdekvinnelag

Måndagsturane våre


Om turen 6. september i år.

All æra til Sigrid, Målfrid og Ingeleiv for kjekke turar på måndagane!

Denne dagen gjekk turen frå Langebrua, om Tvildemoen og til VossVind.

Det me må ha i tankane, er at det er benkar å sitja på, så me får drikka kaffi og eta nisto vår.

Og ikkje berre éin benk, men plass til 13 personar - det var me i dag.

(På vinteren kryp me inn ein eller annan stad på Vangen.)

Veldig kjekt at det dukka opp nye damer som ville slå følgje med oss. Håpar det er fleire som kjem. Dei er hjarteleg velkomne!

1-06092021_1.jpg 2-06092021_1.jpg 3-06092021_1.jpg 4-06092021_1.jpg 5-06092021_1.jpg