Hopp til hovedinnhold

Voss Bygdekvinnelag

Møtet på Tvildemoen 8. februar


Kjekt å kunna møtast att!

Etter ei lang "turketid" kunne me endeleg ha eit tilnærma vanleg møte.

Pensjonert lege Bernt Daltveit heldt eit veldigt interessant føredrag for oss om infeksjonssjukdomar. Han gjekk attende til bibelen sine dagar, då prestane var dei som friskmeldte spedalske, - og framover til vår tid, kor me har tilgjenge til antibiotika og vaksine for månge sjukdomar, både bakterielle og virusutløyste.

Leiaren vår, Hallbjørg,hadde ei særs underhaldande framføring av trønderen Alv Schiefloe si historie om Jens Pedersen, som gjekk til doktarn for å få eit middel mot "kolde føtter". Me lo oss nestan skakke!

Eldbjørg orienterte om sommarturen til Bømlo 2.-3. juni, og gjekk igjennom programmet for dagane. Meir om dette kan de lesa under ARRANGEMENTER, sjå framsida vår. Der står det òg om prisar.

Påmelding på sms til Eldbjørg, tlf. 980 90 702, innan 28.02.2022.

Ikkje-medlemer kan òg verta med. Berre triveleg!!