Smalahovesleppet 2021
Flott laurdag på Smalahovesleppet 2021!
Mykje folk og mykje god mat og drikke i buene rundt om.
Kjekt at folk vil ha ekta norsk heimelaga mat!
Me merkar òg på bakekursa våre at folk mellom anna vil læra seg å laga flatbrød, krotakaker og vossakling.
I år trudde me at me hadde rikeleg av alt i salsboden vår, - men der tok me feil. Det einaste me sat att med, var nokre få blodpannekaker, som me hadde tredobla mengda av frå i fjor!
Mange fortalde at: "No skal eg heim og koka meg kaffi og kosa meg!"