Sommartur 2.-3. juni 2022
Endeleg sommartur att!
Turen i år gjekk til Bømlo og Mostraspelet, som vert sett opp årleg av Bømlo Teater. Ei fantastisk oppleving, med skodespelarar i alle aldrar, frå born til godt vaksne, - i alt 80 personar!
På turen fekk me òg omvising i Moster gamle kyrkje, og høyra orgelspel i Bremnes kyrkje. Lokalhistorikarar fortalde oss frå øya si rike historie, om steinalderen, kristningstida, og tida under andre verdskrigen. Me fekk òg høyra om korleis dei livnærar seg på Bømlo i dag.
På Gullsmio vart me tekne vél imot av gullsmed Astrid og hennar hjelparar. Her var det mykje fint å sjå! Me fekk og høyra om korleis ungdomar kan koma til Gullsmio etter skuletid og ha det triveleg på kjøkenet der, med bakst og ulikt anna. Eit flott tiltak! Hurra for deg, Astrid!
Takk til Turgruppa i VBK for ein minnerik tur. De er flinke!