Hopp til hovedinnhold

Voss Bygdekvinnelag

I bussen på veg til Sotra

Litt smale og svingete vegar på Sotra

På veg opp til Nordsjøfartmuseet

Fint oppdekka til oss

Utsikt til havet

Me er klare for film

Glesvær kafe

Baccalao

Gudveig les dikt for oss

Verten

Litt skyer men fint

SOMMARTUREN 2019


SOMMARTUR TIL SOTRA

Laurdag 25.mai var me 30 damer som sette oss på toget på Voss stasjon og reiste til Bergen.

Det vart me møtt av Gudveig på stasjonen. Ho leia oss ut til bussen som skulle ta oss med på turen til Sotra.

Me køyrde i retning Telavåg, og undervegs fekk med god guiding av busssjåfør og Gudveig som fortalde om Sotra.

Første stopp var Nordsjøfartmuseet i Telavåg.

Her fekk me nydelege snittar og kaffi, før me såg film om Telavågtragedien og såg oss om i utstillinga. Sterke inntrykk.

 

Vidare gjekk turen til Glesvær Kafe, ein sjarmerande kafe med triveleg vertskap .  Her fekk me nydeleg baccalao, dessert og kaffi. Verten fortalde om

historia til kafeen og handelsstaden .  Me rusla litt rundt i området før turen gjekk vidare.

No gjekk turen vidare til Galleri Pema, der me fekk omvisning av kunstnarane , dei produserer raku keramikk, silketrykk, maleri i akryl og foto. 

Nydelege ting , så her var det nokre som kom ut att med noko i handleposen.

Sjåføren vår var veldig grei og tok oss med på litt ekstra omvisning rundt om på Sotra, så me fekk sett mykje av denne flotte øya.

Til slutt gjekk turen tilbake til stasjonen og toget heim att til Voss.

Me takkar turkomiteen for ein strålande fin tur, med flott opplegg. Fekk oppleva mykje denne dagen.