Hopp til hovedinnhold

Voss Bygdekvinnelag

Foto: Gudrun Hefte Her kjem damene opp vegen til Stølen

Foto: Gudrun Hefte Aud tek i mot

Foto: Gudrun Hefte Praten gjekk lett rundt bordet

Foto: Gudrun Hefte Me fekk servert stølskost

Foto: Gudrun Hefte Aud fortel om stølsdrift

Foto: Gudrun Hefte Me kosa oss

Foto: Gudrun Hefte

STØLSTUR TIL VESKRE PÅ BORDALEN


STØLSTUR TIL VESKRE 

Sundag 25.august gjekk turen til Stølen Veskre på Bordalen.

Over 30 glade damer køyrde bil opp til Stølen til Aud Jensen som ligg høgt og fint til i fjedle på Bordalen.

Her tok Aud i mot oss.  Det var dekka opp i stover og på altanen til eit nydeleg måltid.

Me fekk servert rømme , mjølkekaker og rømmegraut som Aud hadde produsert sjølv frå mjølka får kyrna sine.

I lag med dette fekk me spekemat, dravle,  flatbrød , sirup, gammalost og syltetøy.  Ogso kaffi sjølvsagt.

 

Aud fortalde om stølsdrifta, ho er oppvaksen med å vera på stølen med bestemor si. Av henne lærte ho mykje.

Ho hugsa at det alltid var kosleg og vakne av seperatoren om morgonen.

Ho hadde og nokre fine Huldrehistoriar og fortelja oss.

Ei trivelg stund på stølen.

Eldbjørg og Brita informerte og om aktivitetane i haust, mykje spennande og stor aktivitet.