Hopp til hovedinnhold

Voss Bygdekvinnelag

Voss Bygdekvinnelag 2021: Eit "magert" år (?)


Året som gjekk vart nok eit trasig år for mange i landet vårt: enkeltpersonar, familiar, og samfunnet elles.


Korleis vart året 2021 for Voss Bygdekvinnelag?

På grunn av koronaepidemien har det vore lite aktivitet i laget vårt det siste året. Medlemsmøte vart avlyst, det same vart jolafesten i januar. Kjøkenet på Tvildemoen vart stengt 19. januar, slik at me heller ikkje kunne halda bakekurs i vårhalvåret.

Fyrst i mai vart det litt friare, då ein kunne møtast med munnbind og meteravstand. Den 23. mai hadde VBK kafeen under ei større hesteutstilling på travbanen på Kyte.

På sommarturen 8. juni vitja me Kjell og Anne Britt Himle, fyrst til Hjelleloftet som Kjell Himle har restaurert, og dinest til heimen deira på Bjørnshovden i Bordalen. Gardstunet deira er eit praktfullt syn. Det ber tydeleg preg av Kjell si soge- og kulturinteresse, og dei uvanleg gode evnene han har til å restaurera gamle bygg og skapa nye i gamal stil. Dette gav han Kongens fortenestemedalje i 2020.

Haustturen 29. august gjekk til Stalheim, med omvising på museet der. Turen var svært vellukka på alle vis.

Smalahovesleppet 16. september vart ein suksess for laget i år også. Spesielt blodpannekakene våre er veldig populære. Så å seie all maten me hadde laga, vart seld.

På hausten kunne me ha bakekurs igjen. I oktober vart det kurs i baking av vossakling, flatbrød og krotakaker. Det vart også halde kurs i slakting og partering av lam og sau på Gjelland gard.

 

 

Eitt vanleg lagsmøte hadde me i år. Då hadde me besøk av gullsmed Astrid Farestveit Gane og smed Jørgen S. Jørgensen frå Bømlo, som fortalde om verksamheita deira.

  

Adventsmøte hadde me i år på gartneriet på Rykkje. Der lærde me å laga julekransar. Eigar Bjørg Rykke stilte med ansatte som instruktørar, og alt me trengte og meir til, så det vart mykje staseleg på dørane rundt ikring i bygda i jola!

     

For øvrig hadde me som vanleg baking av flatbrød på Mølstertunet fire fredagar i juli. Dette brukar vera svært populært blant turistar og besøkjarar på museet.

Om det ikkje var så mange "innemøter" i året som gjekk, så har det i alle fall vore ein heil del av uteturane på måndagar. Då samlast me og går turar rundt i vossabygda på ulike plassar, uansett vêr. Friskt!!