Hopp til hovedinnhold
Detalj av ein skatt. Foto: Mette Bleken.

Detalj av ein skatt. Foto: Mette Bleken.

Åttebladrose - eller åttebladspira - er gjengangar i ulike teknikkar. Foto: Mette Bleken.

Åttebladrose - eller åttebladspira - er gjengangar i ulike teknikkar. Foto: Mette Bleken.

Den eldste daterte i samlinga. frå 1799. Foto: Mette Bleken.

Den eldste daterte i samlinga. frå 1799. Foto: Mette Bleken.

Holmajomfruene spesialiserte seg på applikerte bringklutar og  perlemotiv. - og truleg også bringklutane med band og dei spesielle perlemotiva. Foto: Mette Bleken.

Holmajomfruene spesialiserte seg på applikerte bringklutar og perlemotiv. - og truleg også bringklutane med band og dei spesielle perlemotiva. Foto: Mette Bleken.

Mangfald på bringa

– Kvar einskild bringklut er ein skatt. Me har opna skattkista for publikum og inviterer inn i kulturhistoria.

Tekst og foto: Mette Bleken

Slik formulerte  Agnete B. Sivertsen, styrar (for tida i permisjon) på Hardanger folkemuseum seg då utstillinga «1000 bringklutar»  opna for eitt år sida. 

Her er meir enn tusen eksemplar av denne folkedraktdelen som er full av symbol – anten han er sauma i krossting eller smøyg, voven, perla på stramei eller i gogn, perla i nett, eller sydd på tøy: småperlesaum eller blanding av små- og stråperler, applikert - eller i ein kombinasjon av fleire teknikkar (se ordbok i slutten av artikkelen). Mangfaldet syner at både kreativitet og skapartrong har fått godt spelerom.

Monteringa av utstillinga er og ei studie verd. Og skulle du verta inspirert til å sy din eigen bringklut, er det hjelp å få.

I det året utstillinga har stått, har det vore ei jamn straum av publikummarar. Mange har reist langt – inkludert grupper frå organisasjonar og lag - for å få med seg denne mønstringa.

– Interessa for utstillinga var stor frå fyrste stund, så avgjerda om å la ho stå ein ekstra sesong var ikkje vanskeleg å ta, fortel Sivertsen.

KULTURHISTORIE

Bringkluten har sitt opphav i renessansen, slik Hardangerdrakta har med stakk og upplut i ulike fargar. Ein kan fylgja motebiletet på kontinentet – og tekstilhistoria - gjennom utviklinga av bringklutane. I starten var dei små, slik opninga på oppluten var. Men då opninga gjekk frå v-form til u-form og i tillegg vart vidare, vart òg bringklutane større. 

Bringklutane fortel om meir enn ulike teknikkar og at kvinnene var dyktige med nål, tråd og perler. Dei fortel historie. Mote og stil sette preg på draktene. Tilgang på nye tekstilar viser  òg att i stoffa, som ein bruka til å kanta og ha som bakgrunn på bringklutane.

– Me ser dei store trendane i det små, konstaterer museumsstyraren.

 

  

Til v. Agnete Sivertsen med eitt av klenodiane som vert viste fram på Hardanger folkemuseum.Til h. Hjarteblingklut med stråperler. Foto: Mette Bleken.
 

ELDSTE FRÅ 1799?

Den eldste daterte skatten på utstillinga er frå 1799, men det er ikkje usannsynleg at det er eldre klutar i samlinga. Nokre bringklutar kjenner dei historia til, dei fleste ikkje. Mykje kan lesast ut av symbol, stoffkvalitet og storleik.

TUSEN PLUSS

I tillegg til museet sine eige 850 bringklutar, har dei henta inn frå Agatunet, samt Voss folkemuseum og Kvam bygdemuseum, alle del av det konsoliderte Hardanger og Voss museum.

– Bringklutar er den desidert største samlinga på vårt museum og det er fyrste gong me stiller dei ut samla. Legg me til alt som finst heime hjå folk, er det openbert at då dette var folkedrakt, hadde kvinnene fleire «små smykke» dei varierte med i opninga på oppluten, seier Sivertsen.

Det er ikkje berre i Hardanger ein brukar bringklut. Både i Valdres og Hallingdal høyrer han med til folkedrakta. I Hardanger ser me knapt organiske former, her har dei geometriske formene dominert heile vegen, og slik er framleis. Det finn ein òg att i folkekunsten.  Åttebladspira (åttebladrosa), kross, valknute og eldjarnrosa er vanlege motiv. Om motiva ikkje har vore mange i Hardanger, er variasjonar over temaet nærast utømeleg. Ikkje to av dei meir enn 1000 bringklutane som no er stilte ut, er like.

BONUSTILBOD

Tek du turen til Hardanger folkemuseum i sommar har du ei unik moglegheit til å sjå mangfaldet og ta ei reise fleire hundre år tilbake i tid. I utstillinga er det òg høve til å prøve ulike teknikkar i tilknyting til bringklut-produksjon. Skulle du ikkje rekke det i sommarmånadane, er trøysta at utstillinga vert ståande til november. 

Undervegs nyttar museet eigen ekspertise og hentar inn fagfolk for å halda føredrag om teknikkar og ulike sider ved tekstilhistoria. Dessutan vert det skipa til kurs for at folk kan sy sin eigen bringklut. I haust står både holmabringklut og smøyg, og kan hende krossting på planen.

Opplut: Vest

Gogn : Vev

Smøyg: Broderiteknikk. Sys med forsting, trådene vert smetta parallelt med trådene i stoffet for å danne mønster.

Stramei: Kraftig vove stoff, der trådene danner vekselvis tette og opne parti. Finere og grovere typer. Strameibroderi dekker heile stoffet. Ein ser ofte bringkluter med krosstingsbroderi på stramei.