Hopp til hovedinnhold

Anne Irene Aaberg griller sammen med medlemmer av Åbjør Bygdekvinnelag.

Møt ei bygdekvinne: Anne Irene Aaberg

– I laget vårt arbeider vi for at vi skal ha det trivelig i bygda vår, seier Anne Irene Aaberg i Åbjør Bygdekvinnelag i Oppland.

Kva for aktivitetar er  Åbjør Bygdekvinnelag aktuelle med?

I slutten av august har vi møte på stølen til ei som er medlem i laget. Dette er tradisjon og vert alltid eit trivelig stølsmøte.

I september har vi sopptur for fjerde året på rad. Det gjer vi i samarbeid med Valdres sopp- og nyttevekstforening. Vi får med oss ein soppkyndig på turen. På soppturen bed vi med oss Internasjonalt kvinneforum i Valdres som ei forlenging av KvinnerUT-prosjektet.

Frå soppturen i Åbjør Bygdekvinnelag.

 

Vi har planlagt ein kveld i november med firmaet Seniorklær saman med andre bygdekvinnelag i Valdres. Firmaet reiser rundt til aldersheimar og omsorgsbustader med sal av klede, og kjem til oss i samband med ein rundtur i Valdres.

Vi skal ha ein tur for laget der vi skal gjere stas på dei som har vore medlem, men som har gått ut av laget dei siste åra. Vi vil takke dei for at dei har vore medlemer hjå oss.

I laget vårt arbeider vi for at vi skal ha det triveleg i bygda vår. Medlemene i laget kjem òg frå andre grender i Nord-Aurdal. Bilen gjer at vi kan bu meir spreidd enn før.

  

Koselige familieaktiviteter i bygdekvinnelaget.

 

Kvifor er det viktig for deg å engasjere deg i lokallaget ditt?

Eg har likt det Norges Bygdekvinnelag står for, samtidig som det er kjekt å ha eit samlingspunkt i bygda. Mange av sakene bygdekvinnelaget har kjempa for har engasjert meg.  Då eg vart med i bygdekvinnelaget arbeidde organisasjonen for  inntektsdeling mellom mann og kone på garden. «Heimeverande» gardkjerringar arbeidde like mykje som mannen utan å få pensjonsgjevande inntekt. Den beste sparinga til pensjon gjer vi over skattesetelen

 

Kva er det finaste naboen din har gjort for deg?

Då eg flytte til Åbjør, kom ei frå bygda på barselvisitt til meg. Eg vart kjent med ho og familien hennar, og vi er gode vener den dag i dag

 

Kva er den mest undervurderte matretten i Noreg?

Vanleg mjølkegraut. Då eg var jentunge hadde vi det ganske ofte, både som middag og som varmmat til kvelds. Rømmegrauten var festmat. Kvardagsgraut, som mjølkegraut og vassgraut skulle eg ønske vi kunne tatt fram att. 

 

Kva er ditt favorittuttrykk som bygdekvinne? 

Vi pratar i laget om «den harde kjernen». Det er dei som møter opp støtt og er like blide og positive bestandig. Det er dei som alltid står på. Utan dei hadde ikkje laget vårt eksistert i dag.

 

Verv: Leder i lokallag og rekneskap for Oppland Bygdekvinnelag

Bustad: Nord-Aurdal

Lokallag: Åbjør Bygdekvinnelag

Medlem sidan: 1977