Hopp til hovedinnhold
Nelly stilte opp som modell for Bygdekvinner i fjor sommer. Foto: Helle Cecilie Berger.

Nelly stilte opp som modell for Bygdekvinner i fjor sommer. Foto: Helle Cecilie Berger.

Møt ei bygdekvinne: Nelly Marie Ytterli

– For meg er lokallaget ein flott plass der eg vert kjent med fleire, seier Nelly Marie Ytterli i Valldal Bygdekvinnelag i Møre og Romsdal.

Hva for aktivitetar er Valldal Bygdekvinnelag aktuell med?

Aktivitetar har vi mange av i laget vårt. Nett no har vi avslutta eit prosjekt med frukost til ungdomsskuleelevane på Valldal skule. Vi koka graut tre dagar i veka i mars månad. Det vart veldig populært, vi kokte havregrynsgraut og byggrynsgraut av gullbygg. Valldal Bygdekvinnelag vert ofte spurt om å hjelpe til ved tilstellingar.

Turid og Frank stiller opp som frivillige. Foto: Valldal Bygdekvinnelag.

 

No jobbar vi med å kome i gang med studieringen «Organisasjonsskulen».

Ein gong i månaden har vi medlemsmøte. På neste møte får vi besøk av Ingrid Lamark. Temaet då vil vere tradisjonsmat. Maimøtet vert eit ope møte der vi inviterer med oss nokon. I juni vert det avslutning med ein setertur.

Leder i Valldal Bygdekvinnelag, Solveig Linge Stakkestad, deler ut vervepris til Nelly Marie Ytterli (til v.) på et medlemsmøte. Foto: Valldal Bygdekvinnelag.

 

Kvifor er det viktig for deg å engasjere deg i lokallaget ditt?

For meg er lokallaget ein flott plass der eg regelmessig kan treffe på kjentfolk. Og så vert eg kjent med fleire. I tillegg er eg glad for at vi kan vere med på å bidra til ei aktiv bygd. Eg lærer mykje om tradisjonar og tradisjonsmat, og eg som er innflyttar kan ta med meg tradisjonsmat og tradisjonar frå mi heimbygd. I Valldal Bygdekvinnelag kjenner eg meg trygg. Og det er kjekt kvar gong vi har møte.

  

Dugnad i Sansehagen ved Valldal sjukeheim. Foto: Valldal Bygdekvinnelag.

 

Kva er det finaste naboen din har gjort for deg?

Eg vart alvorleg sjuk for nokre år sidan. Nabokona kom gjerne oppom før ho drog på jobb, berre for å høyre korleis det var med meg. Ho kunne lage til eit måltid mat. Eg fekk også telefon om at mannen min og eg kunne kome på middag. I tillegg kom både ho og mannen på besøk med blomstrar.

 

Kva er den mest undervurderte matretten i Noreg?

Det er nok fleire matrettar som er undervurderte. Saftsuppe med byggryn. Spekesild. Sukkersalta kjøt med løksaus.

 

Kva er ditt favorittuttrykk som bygdekvinne?

Dette får vi sikkert til.

 

Nelly ble utfordret til å ta på denne nydelige brudekjolen som stod utstilt i Ull-låven på Hauge. I de fantastiske omgivelsene i Valldal var Nelly verdens vakreste brudemodell. Foto: Helle Cecilie Berger.   

 

Verv: Kasserar

Bustad: Valldal

Lokallag: Valldal Bygdekvinnelag

Medlem sidan: No har eg vore medlem sidan 2015. Fyrste gong eg var medlem var frå 1998 og fram til det vart namneendring. At eg slutta hadde mykje å gjere med familiesituasjonen og ein travel arbeidsdag.