Lesesirkel
Mange bøker er lesne og mange tankar delte på desse åra. Nokon har vore med frå starten, nokon har hatt pause, nokon har byrja undervegs og nokon har kome attende, men me har vore mellom seks og åtte damer heile tida. Hausten 2024 er me ni damer som samlast.
Det går på omgang å føreslå ny bok, og dermed blir det mykje forskjellig. Kanskje òg noko du aldri hadde tenkt å lesa om du hadde valt på eiga hand… Det blir mest samtale rundt innhald og tema, og mindre om verkemiddel og språk.