
NØYSOM: Praktiske tips og inspirasjon til synleg reparasjon
Eva Kittelsen er Norges fremste ambassadør for synleg reparasjon. No har du sjansen til å få praktiske tips og inspirasjon til korleis du kan reparere kle på ein synleg, kreativ og bærekraftig måte. Bli med!
Trykk her for å Bli med i møtet nå
Bli med på eit inspirerande webinar med Eva Kittelsen – grunnleggaren bak verksemda Synlig reparasjon:
• Praktiske tips og inspirasjon til korleis du kan reparere klede på ein synleg, kreativ og berekraftig måte.
• Refleksjonar rundt korleis ei omsorgsfull reparasjonspraksis kan styrke både sjølvomsorg og fellesskap.
• Lær korleis ein kvardag med synleg reparasjon kan bidra til redusert forbruk og meir livskraft, håp og tilhøyrsle – også i møte med motgang.
• Høve til å stille spørsmål og få konkrete råd til dine eigne reparasjonsprosjekt på slutten av webinaret.
Eva Kittelsen har sjølv levd med kroniske smerter og starta sitt eige verksemd for å jobbe i tråd med eigen helse og verdiar. Gjennom synleg reparasjon deler ho erfaringar og verktøy for berekraft, kreativitet og motstandskraft – for både menneske og natur.
Alle er hjarteleg velkomne – både medlemmar og ikkje-medlemmar!
Webinaret er ein del av Norges Bygdekvinnelag sitt prosjekt NØYSOM.
Besøk Eva Kittelsen si nettside om Synleg reparasjon her!
Takk til @sparebankstiftelsenDNB som gjer desse kursa mogleg i heile landet.