Hopp til hovedinnhold
Å lære seg å reparere og lage ting sjølv gjer det lettare å leve meir miljøvenleg.

Nøysom

Med prosjektet Nøysom vil lokale Bygdekvinnelag skape møteplassar for barn, unge og vaksne der dei får praktisk kunnskap som gjer det lettare å ta miljøvenlege og berekraftige val i kvardagen.

Norges Bygdekvinnelag er glade over å kunne invitere alle lokallag og distriktslag med på vårt nye prosjekt Nøysom. Med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB skal vi gjennom 2024 og 2025 invitere til praktiske kurs og møteplassar. 

Informasjonsmøte om prosjekt Nøysom 2024 og Studieforbundet kultur og tradisjon 

Bli med på digitalt informasjonsmøte 13. mars 2024. På dette møtet skal vi:

  • Fortelje kort om Nøysom, og moglegheiter for å få få prosjektmidlar frå Norges Bygdekvinnelag. Tips til korleis ein kan kombinere prosjektmidlar frå Nøysom og vaksenopplæringsmidlar. 
  • Studieforbundet kultur og tradisjon vil informere om kva moglegheiter bygdekvinnelaga har til å søke om vaksenopplæringsmidlar i samband med Nøysom. Saman ser vi på studieplanar som kan passe til dei temaa vi har i Nøysom.

Link til møte 13. mars kl. 12.00-12.45: 

Link til møtet 13. mars kl. 18.00-18.45:

*Du treng ikkje å melde deg på møtet. Møtet er aktuelt både for deg som vurderer å søke Nøysom-midlar, for deg som vil vite meir om Studieforbundet kultur og tradisjon og for deg som har motteke Nøysom midlar. 

Bakgrunn for prosjekt Nøysom Vi må ha ei større samfunnsendring for å få ned forbruket. Norges Bygdekvinnelag vil inspirere til endring og bidra til at vi kan nå FN sitt berekraftsmål 12, som skal sikre berekraftig forbruk og produksjonsmønstre.

Med prosjektet Nøysom vil vi ta med oss kunnskapen våre formødre hadde kring sjølvberging og det å nytte ressursane best mogeleg. Ikkje berre med mat, men også i også andre delar av hushaldninga. Kunnskap om råvarer, produksjon, materialer aukar medvitet på verdien av det vi har, og vil inspirere til gjenbruk og mindre konsum. 

Mange vil bidra til mindre forbruk, reparere sjølv og minske matsvinnet, men treng eit lite dytt for å komme i gang. Norges Bygdekvinnelag ønskjer å møte interessa for kunnskap som kan bidra til ein meir berekraftig kvardag, og vise at praktiske kurs gjev gode opplevingar, meistring og fellesskap i lokalsamfunnet. 

Målet er å auke kunnskapen om berekraftige val i kvardagen:

  • Gje praktisk kunnskap om hushaldninga som bidreg til mindre forbruk, mindre belastning på miljøet og betre økonomi.
  • Å auke kunnskapen om matlaging og bruk av lokale råvarer, dyrking til eige bruk, sanking, oppbevaring og lagring av mat.
  • Redusere matsvinn.
  • Påverke til meir gjenbruk og reparering.
  • Skape ein møteplass for barn, unge og vaksne som bidreg til meistring og fellesskap.
  • Auke interessa for tradisjonelt handverk som ein del av løysinga i framtida.

Vil ditt lag delta i prosjekt Nøysom?

Alle lokallag og distriktslag i Norges Bygdekvinnelag kan søke om støtte for å delta i Nøysom. Laga kan søke om eitt kurs innanfor kvart tema i løpet av prosjektperioden. Pengestøtta er på kroner 7000,- per kurs.

Her er dei fire ulike tema for kurs i lokallaga: 

1) Matsvinn
Å ta i bruk tradisjonell kunnskap om matlaging kan hjelpe oss å redusere matsvinn. Å bruke heile slaktedyret frå hovud til hale er god ressursutnytting og konservering av frukt, bær og grønsaker gjev oss «ferske» norske råvarer heile året. Bruk av ville vekstar er gratis, spennande og gjev deg gode smakar.

2) Dyrk sjølv
Å dyrke sjølv gjer deg meir sjølvberga, samstundes som du får heilt ferske varer heilt inn på kjøkkenbenken. Å dyrke sjølv gjev ei større forståing for matproduksjon. Det gjev oss også eit nærmare forhold til naturen. 

3) Miljøvenleg og kjemikaliefri heim
Det finst ei heil mengde ulike vaskemiddel på marknaden. Mykje av dette kan ein lage sjølv av ting ein allereie har i heimen. Å lage sitt eige vaskemiddel kan spare miljøet og spare deg for pengar.

4) Kva er det lurt å kunne lage og reparere sjølv
Målet må vere at vi skaffar oss ting vi ønskjer å ta vare på og fikse. Å lære seg å ta vare på tinga sine, reparere det som vert øydelagt og lage ting sjølv gjev meistring og er nyttig kunnskap i kvardagen. 

​    ​Nøysam gjev lokallaga sjansen til å få til møteplassar for barn, unge og vaksne der ein kan lære seg handverk og praktisk kunnskap som gjer det lettare å leve meir berekraftig.

Kriterium for å få økonomisk støtte:

  • Bygdekvinnelaga må sjølv stå for gjennomføring av kurs og aktivitetar. Gjerne saman med andre organisasjonar e.l.
  • Kurs og aktivitetar må vere opne for alle. 
  • Kurs og aktivitetar må vere praktiske, og knytt opp til dei fire tema i Nøysam.
  • Lag som deltek må dokumentere og levere rapport på gjennomføring til Norges Bygdekvinnelag. 

Målgruppa for prosjektet er barn, unge og vaksne.

Kurs og aktivitetar ein søkjer om støtte til bør ha god balanse mellom barn, unge og vaksne, og spegle mangfaldet i lokalsamfunnet. 

Eksempel:
Eit bygdekvinnelag kan søkje om 28 000,- til gjennomføring av ei Nøysam kursrekke med dei fire ulike tema. Eit anna bygdekvinnelag kan søke støtte til berre eit kurs. Om laget som har gjennomført eitt kurs ser at dei har lyst til å ha fleire Nøysam-kurs innanfor dei andre tema, kan dei søke om det. 

*Merk dykk at ein berre kan få midlar til eit kurs innanfor kvart tema. Ein kan td. ikkje søke om fleire kurs som handlar om matsvinn (tema 1).

Vil ditt lag delta i prosjektet?
Alle lokallag og distriktslag er velkomne til å søke om økonomisk støtte til å gjennomføre kurs og verkstader i samband med Nøysom. 

Fyll ut og send inn søknadsskjema for å delta i Nøysom!

Innkomne søknader vert behandla etter kvart som dei vert mottatt. Støtta vert delt ut etter første-kvinne- til-mølla-prinsippet.

Kor tid? Prosjektperioden er frå januar 2024 til desember 2025.

Støtte frå? Norges Bygdekvinnelag har fått prosjektmidlar frå Sparebankstiftelsen DNB.

Hovudmål for prosjektet? Målet vårt er å auke kunnskapen om berekraftige val i kvardagen.

Kven kan delta? Alle lokallag og distriktslag kan delta i prosjektet. 

Kva blir forventa av lag som får prosjektstøtte? Ein må oppfylle krava til støtte. I tillegg vert det forventa at ein gjer sitt best for å dele informasjon om prosjektet for å skape merksemd om temaet, og vise at bygdekvinnelaga er ein open og inkluderande organisasjon.

Økonomisk støtte frå andre?
Laget kan også søke økonomisk støtte frå andre, som kommune, fylket osv.

Kva type aktivitet? Lokallaga kan invitere til verkstader og praktiske kurs. Her er det stor moglegheit for å vere kreative. Vi oppmodar alle likevel til å planlegge godt for kva kurs og aktivitetar ein vil ha, og ha eit tydeleg mål for kva ein kan lære på kurset. Det er eit viktig mål for prosjektet å skape lokale møteplassar som gjev meistring og fellesskap, så legg opp til kurs og aktivitetar som kan passe for både nybyrjarar og litt meir erfarne.

Kven? Målgruppe for prosjektet er barn, unge og vaksne.

Samarbeid med andre? Vi oppmodar alle til lokale samarbeid. Mange lokallag har gode samarbeid med skular, museum, bondelag og andre. Sjekk også nye samarbeid. Kva med å samarbeide med aktuelle lokale aktørar som Husflidslaget, 4H, Naturvernforbund og Økologisk Norge. Samarbeid gjev ny kunnskap og inspirasjon.

Kompetanse? Bruk eigen kompetanse i laget, men søk og ny. Både hjå andre organisasjonar og ressurspersonar. Minoritetskvinner, båtbyggjarar og budeier kan sitte på verdifull kunnskap.

Norges Bygdekvinnelag er medlem i Studieforbundet kultur og tradisjon. Det er ønskeleg at lokallag og distriktslag som deltek i prosjektet sjekkar moglegheitene for vaksenopplæringsmidlar frå Studieforbundet kultur og tradisjon. 

Planlegging av kurs? Bruk tradisjonsmatskolens veiledningsbok i planlegging av kurs. Her er det nyttige tips og råd til korleis gjennomføre kurs.

Prosjektleiar? Astrid Seime er prosjektleiar for Nøysom. Har du spørsmål til prosjektet, har gode tips til meg eller vil ha besøk? Ta kontakt på e-post astrid.seime@bygdekvinnelaget.no eller telefon 90872411.

Astrid Seime

Prosjektleder for Nøysam og organisasjonsrådgiver 908 72 411 astrid.seime@bygdekvinnelaget.no