Hopp til hovedinnhold
Den allsidige og berekraftige poteta fortenar ein plass på matfatet.

Den allsidige og berekraftige poteta fortenar ein plass på matfatet.

Poteta - ei nøysam råvare med uendelege moglegheiter

Norges Bygdekvinnelag inviterer til eit spennande digitalt seminar med kokk og kokebokforfattar Ann Kristin Møsth Wang tysdag 8. april klokka 18.00–19.00. Alle er hjarteleg velkomne!

Trykk her for å bli med: Bli med i møtet nå
Tidspunkt:
Tysdag 8. april, kl. 18.00 – 19.00

Bli med på det digitale seminaret frå stova di eller samle laget til ei hyggeleg stund der de kan delta saman! 

Temaet er «Poteta – ei nøysam råvare med uendelege moglegheiter»
På livesendinga får du praktiske tips til korleis bruke poteta på nye og kreative måtar i matlaginga.

Dette lærer du meir om:

  • Inspirasjon og kunnskap om korleis du kan bruke poteta på smakfulle og kreative måtar i kvardagen.
  • Ein djupare forståing av poteta som ei nøysam og berekraftig råvare.
  • Moglegheit til å stille spørsmål om bruk av potet i matlaginga.

Livesending
Vi sender direkte frå Matvalget sitt kjøkken denne kvelden, og håpar mange kan vere med oss. På slutten av sendinga opnar vi for spørsmål frå deltakarane. 

Det vert diverre ikkje opptak av sendinga. 

Seminaret er ein del av Norges Bygdekvinnelaget sitt prosjekt Nøysom. Les meir om prosjektet her: nøysom

Samarbeid med Matvalget
Seminaret er ein del av Nøysom og eit samarbeid mellom Bygdekvinnelaget og Matvalget. Les meir om matvalget: matvalget.no

Ann Kristin Møsth Wang er rådgjevar i matvalget, der hun blant annet rettleiar skular, barnehager og sjukeheimar i eit berekraftig måltid. Ho har lang erfaring i drift og endring innanfor mat, vertskap og kultur. I tillegg er ho kokk, matstylist, kokebokforfattar og inspirator.

Matvalget er ei rettleiingsteneste for offentlege og private verksemder som vil lage berekraftige måltid til andre.
Matvalget er ei rettleiingsteneste for offentlege og private verksemder som vil lage berekraftige måltid til andre.