Hopp til hovedinnhold
Ann Kristin og Leif Magne i Matvalget deler sine beste oppskrifter på graut med oss. Foto: Astrid Seime

Ann Kristin og Leif Magne i Matvalget deler sine beste oppskrifter på graut med oss. Foto: Astrid Seime

Sjekk ut desse trendy og tradisjonelle oppskriftene på graut!

Vi hadde livesending med Ann Kristin og Leif Magne frå Matvalget. Dei delte sine beste oppskrifter på graut og toppingar. Vi lovar deg at desse oppskriftene er verdt å teste ut både til kvardags og fest.

Fjernsynskjøkken 
Under gårsdagens livesending hadde vi invitert med oss Matvalget sine kokkar Ann Kristin Møst Wang og Leif Magne Grastveit. Dei viste oss korleis vi kan lage smakfulle og spennande grautar og toppingar av kornet- og ikkje minst kvifor kornet er ein viktig ingrediens i eit berekraftig måltid. Her er oppskriftene frå den digitale sendinga. 

VM-grauten PærekompottBakte plommer DaddelkaramellSætergraut Julegraut Drømmegrøt Emmerotto gresskar Byggotto makrell

 

Nøysom er eit to-åring prosjekt i Norges Bygdekvinnelag som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB. Nøysom skal inspirere folk til ein meir miljøvenleg og berekraftig kvardag. Å redusere matsvinn er eit av tema vi set søkjelys på i prosjektet. For å redusere matsvinn er kunnskap og råvarer og matlaging viktig. 

Astrid Seime er prosjektleiar for Nøysom i Norges Bygdekvinnelag. 

Samarbeid med Matvalget
Seminaret er ein del av Nøysom og eit samarbeid mellom Bygdekvinnelaget og Matvalget. Les meir om matvalget: matvalget.no

Ann Kristin Møsth Wang og Leif Magne Grastveit er begge utdanna kokkar og jobbar til dagleg i Matvalget. Ann Kristin er rådgjevar i matvalget, Leif Magne Grastveit er dagleg leiar i Matvalget. Matvalget jobbar mest ut mot det offentlege der dei blant anna rettleiar skular, barnehager og sjukeheimar i kva som er eit berekraftig måltid og korleis ein i praksis kan få til berekraftige måltid på sjukeheimar, i barnehagar og på skular. 

125 bygdekvinnelag med 300 aktivitetar
Eit mål i Nøysom er å skape møteplassar for barn, unge og vaksne som bidreg til meistring og fellesskap. Vi har stor tru på at det å sitte saman og lære seg praktiske ting saman kan gje meistring og inspirasjon til å lære meir, og ta fleire miljøvenlige val i kvardagen. 125 bygdekvinnelag har meir enn 300 aktivitetar i samband med Nøysom. 

Les meir om Nøysom her!