Hopp til hovedinnhold
Heimelaga mat er hyggeleg å få i julegåve. Foto: Shutterstock

Heimelaga mat er hyggeleg å få i julegåve. Foto: Shutterstock

Sju varme og personlege julegåver du kan lage sjølv

Sjekk ut våre tips til grøne, koslege og nyttige julegåver!

I ei førjulstid som ofte kan bli litt travel, er det ekstra godt å lande i det som er enkelt, nært og ekte. Heime­­laga og opplevingsbaserte gåver er noko av det finaste vi kan gje – dei skaper minner, varme og ekte glede både for den som lagar og den som får.

Her finn du sju enkle, koselege og tradisjonsrike julegåver som passar perfekt til nokon du er glad i: 

1. Ein boks fylt med med nysteikte Gommukaker
Gommokaku er tradisjonsrike surmelkskaker frå Hallingdal: Gommokaku | Norsk Tradisjonsmat. Pynt kakeboksen med eit fint band, ei helsing og oppskrifta på julekakene. 

2. Eit glas med fermentert kål
Pynt glaset med eit fint band og sett på ein lapp med tips til kva ein kan bruke det til. Fermentert kål er frisk og syrleg og passar ypperleg til mykje av den tradisjonelle julematen: Fermentert nykål - sommerkål | Norsk Tradisjonsmat 

3. Julebrød innpakka i bivoksark
Bivoksark er ei miljøvenleg og vakker innpakking som kan brukast om att. Pakk inn eit nybakt julebrød eller småkaker, knyt på ei sløyfe og legg ved tips til korleis arket kan vaskast og brukast vidare. 

*Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag laga det av fine gamle dynetrekk: Strikkekafe #nøysom | Bygdekvinnelaget 

4. Ein heimestrikka kjøkenklut 
Ein mjuk, heimestrikka kjøkkenklut gjer kvardagen litt trivelegare. Vel ein fin farge, rull han saman og bind eit band rundt. Du kan òg legge ved ein invitasjon til strikkekveld, så har de noko og glede dykk til. 

*Sjekk ut oppskrifta vår til bygdekvinneklut: Oppskrift PDF_merged.pdf 
*Bygdekvinnelaget har også sin eigen Bygdekvinnegensar, bygdekvinnehals og bygdekvinnehue. Strikk din egen bygdekvinnegenser! | Bygdekvinnelaget

5. Eit nybyrjarkurs i sying
Mange drøymer om å lære å sy, men treng eit lite dytt. Eit nybyrjarkurs i sying er ei gåve som gir både meistring, glede og kanskje ein ny hobby. Om ikkje anna kan du bistå nokon i å fikse noko som må reparerast :) 

6. Ei oppleving 
Gje vekk ein invitasjon til ein konsert, ein tur på kafe, til ein middag eller til eit møte i bygdekvinnelaget. 

7. Ein potte med ein avleggar
Gje vekk ein avleggar i ei fin potte. Legg gjerne ved litt om planten og kva den likar. Grøne plantar skapar liv og ro i heimen. Gje bort ein avleggar og sett den i ei fin potte. Legg ved ei lita lapp om kva planten likar av lys og vatn. Ei gåve som varer lenge etter jul.

Personlege gåver varmar, og er noko vi hugsar. Nyt adventstida! 

Nøysom skal inspirere til ein meir miljøvenleg og bærekraftig kvardag. 

Vi let oss inspirere av våre formødre som nytta alle ressursar, tenkt gjenbruk, tok vare på og reparerte tinga sine og dyrka og laga sjølv. Verdifull kunnskap som vi vil ta med oss inn i framtida. 

Gjennom prosjekta våre jobbar vi for å halde i hevd nøysamheit, gjenbruk og berekraftige val i kvardagen. Vi heiar på lokale handverkarar, kvalitet og kunnskap som varer – og som skapar fellesskap og kvardagsglede i bygdene.