Hopp til hovedinnhold

La dykk inspirere til eit aktivt og kjekt Bygdekvinneår!

Vårens lokallagsutsending 2023

I lokallagsutsendinga kan du lese om Bygdekvinnelaget sitt nye medlemstilbod til verveveker, kurs og inspirasjonsseminar i 2023. Og, mykje meir.

Lokallagssendingen  aktivitetstips og informasjon som går ut til alle lokallaga og distriktslaga to ganger i året. Sendingen skal gje eit innblikk i kva som føregår i organisasjonen og kva som skjer framover. Vi håpar informasjonen er til nytte og inspirasjon for deg og ditt lag. 

Lokallagsutsendinga er sendt ut til alle medlemmar på e-post og til alle lokallagsleiarane og distriktsleiarane i posten. 

Les vårens lokallagsutsending her!

Her er litt av det du kan lese meir om i vårens lokallagsutsending: 

Norges Bygdekvinnelag sin arbeidsplan for 2023 - 2024 finn du på bygdekvinnelaget.no. Her ligg både ei utgåve i PDF som er fin å skrive ut og ei digital utgåve som er veldig fin å laste ned og bla i både på smarttelefonen, IPad og datamaskin. Arbeidsplanen ligg ute på både nynorsk og bokmål.

Ta fram arbeidsplanen på styremøtet og sjå kva aktivitetar og tiltak som passar for ditt lag.  

Bli synleg med eiga nettside
Har ditt lag lyst å få si eiga nettside eller lære meir om korleis lage gode innlegg i sosiale media? Vi oppmuntrar og hjelper gjerne til med det. Les meir om dette i sendinga!

Forslag til årets lokallag
Norges Bygdekvinnelag kårar kvart år årets lokallag som får både heder, ære og prispremie på kroner 20 000,-. Kåringa er med på å vise fram den gode aktiviteten i regi av lokallaga, og vinnarane er ei inspirasjonskjelde for andre Bygdekvinnelag.

Har du forslag til lokallag? Fyll inn forslagsskjemaet og send det til ditt distriktslag innan 1. mai 2023!

Fylkes- og kommuneval 2023
Fram mot valet til hausten vil Norges Bygdekvinnelag setje søkelys på berekraftig matkunnskap. 

Nytt medlemstilbod - Telefon for livsmeistring
Bygdekvinnelaget er stolte av å no kunne tilby medlemmene i Bygdekvinnelaget to viktige tenester med juridisk hjelpetelefon og telefon for livsmeistring. Les meir om dette i sendinga og på våre nettsider. 

Bygdekvinnelaget sine verveveker
Veke 5, 6 og 7 er Bygdekvinnelaget sine felles verveveker. Ver synleg, finn på nokre sprell og inviter inn! 

 

Lokallagsutsending våren 2023 Skjema for forslag på årets lokallag