Hopp til hovedinnhold
Distriktsleder i Akershus Bygdekvinnelag, Marit Helene Lund er klar til årets landsmøte. Foto: Helle Cecilie Berger.
Jun
10
Fri

Velkommen til landsmøtet i Norges Bygdekvinnelag 2022

Quality Hotel Edvard Grieg
-
Astrid Seime: astrid.seime@bygdekvinnelaget.no

Hei, og velkommen til landsmøtet i Norges Bygdekvinnelag 10. til 11. juni 2022. I år møtes vi i Bergen.

Vi har samla litt informasjon som kan vere til nytte for deg som skal delta på Landsmøtet:

 

  • Landsmøtet skal vere på Quality Hotel Edward Grieg i Bergen. Hotellet ligg utanfor Bergen sentrum, og berre ein kort tur frå Flesland flyplass. Bybana stoppar 800 meter frå hotellet, og du går av på stoppet som heiter Sandslivegen.
  • Vi er på plass for å ta i mot deg på fredag klokka 09.00 -12.00. Kom å ta ein prat med oss, og få namneskiltet ditt 😊
  • Hordaland Bygdekvinnelag inviterer på tur med avgang frå hotellet klokka 09.30. Du treng ikkje å melde deg på. Berre møte opp med gode sko.  

 

  • Vi byrjar med lunsj fredag 10. juni klokka 12.00, før sjølve Landsmøtet byrjar klokka 13.00.
  • Det er alltid nokre småfeil i sakspapira. Dette opplyser vi om undervegs i møtet. Og, vi har allereie oppdaga enkelte feil. Ein av desse er i vår presentasjon av dei innstilte til nytt styre i Norges Bygdekvinnelag. Ellen Margrethe Garn har vore leiar av Telemark Bygdekvinnelag i fem år. Det er ei viktig opplysning om kandidaten som diverre ikkje står i papira.
  • Fredag kveld klokka 19.30 er det landsmøtemiddag og kulturkveld. Ta gjerne på bunad denne kvelden!

 

  • Har du allergiar? I så fall er det viktig at du sender ein e-post om dette til astrid.seime@bygdekvinnelaget.no.
  • Har du spørsmål kring din faktura kan du ta kontakt med Marie Aaslie på e-post marie.aaslie@bygdekvinnnelaget.no. PS! Om du ikkje har fått faktura vil du få den på e-post etter kvart.
  • Har ditt lag lyst til å selje noko kan du gje beskjed om det til Astrid Seime, så ordnar vi eit lite bord.

 

Vi ser fram til å ta i mot alle delegatar, observatørar og gjestar til landsmøte i Bergen! Ynskjer alle ei fin pinsehelg!

 

Beste helsing Norges Bygdekvinnelag

Seksjoner