Hopp til hovedinnhold
Norske egg kan halde seg friske og gode i månedsvis om dei vert oppbevart i kjøleskåpet.

Norske egg kan halde seg friske og gode i månedsvis om dei vert oppbevart i kjøleskåpet.

5 tips til korleis kaste mindre mat

I norske heimar vert om lag 1/4 av maten vi handlar kasta i søpla.

1. Ha ein plan
Sjå etter kva du har i skåp og skuffer før handleturen. Lag handlelister og ha gjerne ein middagsplan.

2. Oppbevaring
Ikkje la kjøle- og frysevarer ligge  framme på kjøkkenbenken lenge. Mat kan halde lenge om ein har rett oppbevaring. Bruk tette bokar eller posar til oppbevaring av mat.  

3. Datostempling
Mat som er merka med "best før" kan halde lenge etter at mat om ein har lagra den rett. Mykje mat som er merka med "siste forbruksdato" kan også etast lenge etter. Bruk lukte og smakssansane dine. Melkeprodukt som rømme, surmelk og egg er mat som gjern held gode lenge.

4. Restemat
Bruk restane dine omelett, gryter eller supper. Overmodna bananer er gode i pannekakerøra, kokte gulrøter kan brukast i brødbaksten og av tørt brød kan ein lage krutongar.

5. Ha ein eigen restematdag
 

Bygdekvinnelaget med mål om mindre matsvinn
Norges Bygdekvinnelag er opptatt av at vi må kaste mindre mat, og jobbar for å minske matsvinnet. Både av omsyn til ressursutnyttelse, økonomi og miljø er det viktig å redusere matsvinnet og unngå at det endar som avfall. For å minske matsvinnet må både hushaldningane, matindustrien og daglegvarehandelen ta sin del av jobben.

I Akershus Bygdekvinnelag arbeider dei aktivt med å redusere matsvinnet, og driv facebooksida  Akershus Bygdekvinnelag vinn over svinn.