Hopp til hovedinnhold
Norges Bygdekvinnelag inviterte i 2021 dåverande landbruks- og matminister Olaug Bollestad til markvandring og prat om jordvern saman med pressa.

6 råd til korleis påverke politikarane

For å påverke samfunnsutviklinga må vi seie kva vi meiner. Her er nokre råd til korleis du og ditt lag kan påverke fram mot kommunestyre- og fylkestingsvalet til hausten.

1. Ta kontakt med politikarane. Politikarane er valde til å jobbe for oss, og ønskjer å vite kva innbyggarane meiner. Sei i frå om det som er problemet eller det som de vil endre på.

Ein kan til dømes invitere seg sjølv til eit møte. Fortel om kva du meiner og kvifor det er ei aktuell sak. Førebu deg godt med både motargument, svar på spørsmål som kan komme og kom gjerne konkrete forslag til løysingar og endringar. 

Prat med dei som er med å bestemme på det enkelte område. Sjekk kven som sit i komiteen som har ansvar for området og snakk med kommuneadministrasjonen. 

2. Vis fram dei gode døma. Vis fram at det som de vil endre på fungerer ein annan stad. Kanskje kan det vere ei løysing som også passar i eigen kommune? 

Rapporten Erfaringer fra skolematordninger i Norge skreve av Høgskulen på Vestlandet hausten 2022 viser at det er mange ulike måtar å innføre eit skulemåltid på. Her finn de fem ulike modellar ein kan bruke som utgangspunkt for å finne den beste løysinga på den enkelte skule. 

3. Ver aktive på sosiale media. Når vi er synlege med kva vi meiner kan vi få med fleire på laget. Både politikarar og andre. Det er vanskeleg å ikkje prioritere saker mange innbyggarar står samla om.  

Norges Bygdekvinnelag meiner matproduksjon er viktig beredskap.

 

 

Norges Bygdekvinnelag vil lage "plakatar" som er fine å dele på Instagram og Facebook. På Facebook kan ein lage ein eigen tekst til bildet som aktualiserer kvifor det er viktig å verne matjorda i din kommune. 

 

 

4. Ta kontakt med lokalpressa. Inviter med pressa på markvandring saman med politikarar eller andre aktivitetar. Førebu gode eksempel som kan brukast for å illustrere saka. Om pressa ikkje vil komme, så lag pressemelding og legg ved gode bilder. 

*Norges Bygdekvinnelag skal lage og til lesarinnlegg med gratis skulemat og vern av matjorda. Bruk gjerne Norges Bygdekvinnelag sine lesarinnlegg som utkast til eigne lesarinnlegg der de er tydelege på kvifor de i Bygdekvinnelaget vil at kommunen skal prioritere eit gratis skulemåltid til alle og vern av matjorda. Hugs å legg ved bilder. 

5. Inviter til debatt. Ein debatt gjer det tydlegare kva dei ulike politikarane/partia meiner om ei eller fleire saker. 

Debatten kan ein gjerne ha i samband med andre lokale arrangement.   

6. Inviter til arrangement.  Kva med å lage invitere lokalpresse og politikarar til eit skulemåltid saman med barn frå skulen. 

Bygdekvinneuka 20.- 30. august kan vere eit ypperleg høve til å vise fram Bygdekvinnelaget og kva vi meiner. 

Bygdekvinnelaget jobbar saman for å skape gode liv på bygda
Norges Bygdekvinnelag er ein frivilleg organisasjon som arbeider for at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kvar dei bur. Bygdekvinnelaget er partipolitisk nøytral og jobbar interessepolitisk med saker som er viktig for organisasjonen og aktive bygdesamfunn. 

Norges Bygdekvinnelag sin politiske plattform er vedteke av Landsmøtet. Her kan du lese kva våre medlemmer vil at vi skal jobbe for: Norges Bygdekvinnelags politiske plattform