Hopp til hovedinnhold
Vil du og ditt lag vere med å skape merksemd kring saker Bygdekvinnelaget brenn for? Foto: Nittedal og Hakadal Bygdekvinnelag

Bygdekvinnelaget sine saker - kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023

Bygdekvinnelaget jobbar for å påverke i saker som er viktige for oss og nærmiljøet. Sjekk ut valpakka med tips og info om skulemat og vern og bruk av matareala!

Sjekk ut Bygdekvinnelaget sin valpakke her!

Bygdekvinnelaget sine to prioriterte valkampsaker 
Norges Bygdekvinnelag arbeider for gode liv i levande bygder, likestilling, inkludering, mangfold, mat og miljø. Vi er partipolitisk nøytrale, og kan arbeide på tvers av tradisjonelle politiske skillelinjer til det beste for samfunnet og våre interesser. Det er mange ulike saker ein kan prioritere å jobbe med fram mot valet. For å skape mest mogeleg merksemd har Norges Bygdekvinnelag sitt styre valt ut to saker:

  • Gratis skulemåltid til alle 
  • Vern og bruk av matareala våre

Skulemåltid til alle barn - Ja, takk! 
Bygdekvinnelaget jobba for ei innføring av skulemat fram mot Stortingsvalet i 2021, og det var eit viktig gjennomslag når regjeringa i Hurdalsplattformen lovde å "Gradvis innføre et daglig sunt, enkelt skolemåltid og daglig fysisk aktivitet i skolen, med frihet for skolene til å organisere dette selv." 

Vi meiner likevel det skjer for lite og at det går for seint. I dag er det framleis opp til kvar enkelt kommune å prioritere eit skulemåltid. Difor må vi fortsetje å jobbe for å nå målet om gratis skulemat til alle barn.

Mange bygdekvinnelag har vore med å fått til prøveordningar og skulemat i sin kommune, og ser kor viktig eit næringsrikt måltid i løpet av skuledagen er for læring, trivsel, fellesskap, gode matvanar, og for sosial utjamning.

Vern og bruk av matareala 
I Noreg er berre rundt 3 % av landareala matjord, og 45 % av arealet produktiv utmark som kan haustast av beitedyr. Det er dette arealet som gjev oss mat på bordet i fredstid og krisetid. 

I 2050 vil verdas befolkning trenge 60 % meir mat enn i dag. Nedbygging av matjord må stoppe om alle skal ha nok mat i 2050. For å sikre matforsyningane i framtida må vi ta vare på dei jordbruksareala vi har. 

I Norges Bygdekvinnelag sin politiske plattform står det "Det nasjonale jordvernet må styrkast. Nedbygging av matjord må stoppast."

Det er kommunene som forvaltar areala og har ansvaret for at matjord ikkje vert bygd ned. For at Bygdekvinnelaget skal kunne påverke politikken i eigen kommune må vi seie i frå om kva vi meinar.

Aktivitetar fram mot valet
Bruk gjerne materiellet som ligg i valpakka som inspirasjon til engasjement og aktiviteter fram mot valet. Ein kan til dømes lage korte intervju eller videosnutter og legge det ut på Facebook, arrangere debattar, samarbeide med FAU og invitere politikarar på frukost der ein kan diskutere både skulemåltid, lokale råvarer og beredskap . 

Norges Bygdekvinnelag vil lage nettsaker og dele stoff på Facebook. Del gjerne det som vert lagt og og skriv eigne kommentarer og hasjtagg politikarar i kommunen. 

Norges Bygdekvinnelag inviterer til zoom-møte om SKULEMÅLTID 23. mai klokka 18.00 - 19.00
Trykk på denne lenkja for å delta: https://us06web.zoom.us/j/86135432934

Les meir her!

Norges Bygdekvinnelag inviterer til zoom-møte om VERN AV MATAREALA  30. mai klokka 18.00 - 19.00
Trykk på denne lenkja for å delta: https://us06web.zoom.us/j/87376831032

Alle er hjarteleg velkomne til å delta på våre zoom-møter. De treng ikkje å ha nokon planar i laget eller førebue dykk til møtet :)

Politikarane er interessert i kva du meiner 
Å endre lokalpolitikk er ikkje alltid så vanskeleg. Av og til er det nok å ta kontakt med ein eller to lokalpolitikarar for å engasjere dei i temaet og be dei fremme eit forslag. Ikkje ver redd for å ta kontakt - lokalpolitikarane er der for å ivareta dykkar interesser!

Kom gjerne med forslag, som for eksempel ein nullvisjon for omdisponering av matjord, eller ei prøveordning med skulemat to gangar i veka. Inviter dykk sjølv for å komme og snakke på politiske møter, og følg opp etter et møte

"Bygdekvinneuka"
Frå 20. til 30. august er det "Bygdekvinneuka", som er Bygdekvinnelaget sin verveveke. Legg gjerne nokre av valkamp - aktivitetane til denne veka for å synleggjere ditt lokallag og kva Bygdekvinnelag jobbar for. 

Politisk plattforrm
Norges Bygdekvinnelag jobbar aktivt for mange ulike saker som er viktig for levande bygder.

Les meir om kva Bygdekvinnelaget meiner er viktig i vår politiske plattform!

Tips til aktivitetar
Har du og ditt Bygdekvinnelag spennade planar fram mot valet, så vil vi gjerne høyre om det. Kanskje kan vi dele dykkar tips med andre Bygdekvinnelag. Det er når vi jobbar saman at vi kan skape dei største endringane.

Om du har spørsmål eller gode idear til kva vi kan gjere saman fram mot valet så ta kontakt: