Hopp til hovedinnhold

Norges Bygdekvinnelag inviterer til zoom-møte om SKULEMÅLTID

Vi har invitert med oss Unni Tømte frå Eidsvoll Bygdekvinnelag og Sanna Røhr frå Ringsaker. Dei skal dele sine erfaringar med skulemåltid, og gje deg sine beste tips til korleis påverke politikarane. Desse engasjerte damene vil du ikkje gå glipp av!

Zoom - møtet om SKULEMÅLTID er tysdag 23. mai klokka 18.00 - 19.00. 

Gå inn på denne lenkja for å delta på zoom- møtethttps://us06web.zoom.us/j/86135432934

Vi håpar mange har lyst til å bli med på møtet. Du må ikkje gje oss beskjed på førehand om du skal delta på zoom-møtet, men vi set stor pris på om du gjer det 😊 Send i så fall e-post til astrid.seime@bygdekvinnelaget.no

På møtet vil vi:

  • Astrid Seime, organisasjonsrådgjevar i Norges Bygdekvinnelag ønskjer velkommen til møtet. 
  • Unni Tømte frå Eidsvoll Bygdekvinnelag vil fortelje om laget sitt arbeid for å få til skulemat i Eidsvoll kommune. Ho vil også gje sine tips til korleis ta kontakt med og påverke politikarane i eigen kommune. 
  • Sanna Røhr, styremedlem i Norges Bygdekvinnelag vil dele sine erfaring frå arbeid for skulemat i Ringsaker. Sanna vil også gje nyttige tips om korleis invitere til og arrangere debatt

Alle er hjarteleg velkomne til møtet! 

Sjekk ut Bygdekvinnelaget si valpakke! 

Eidsvoll Bygdekvinnelag jobbar for gratis skulemåltid 

Les saka: Fikk 135.000 til skolematprosjekt: Kickstart på skoledagen med grøt | Bygdekvinnelaget.

Skulemåltid Eidsvoll
Ordførar i Eidsvoll kommune tok i mot ballen frå Bygdekvinnelaget, saman med rektor og Eidsvoll Bygdekvinnelag serverte dei elevane fire ulike typar graut i fire vekar. Skulemåltidet var populært blant både store og små. No skal Eidsvoll med Unni Tømte, til høgre på bildet og resten av Bygdekvinnene jobbe vidare for å setje skulemåltidet på agendaen. Foto: Cesilie Aurbakken. 

Ringsaker Bygdekvinnelag sitt arbeid for gratis skulemåltid

RBK heier på Ringsaker Senterparti som satser på skolemat og arrangerer konferanse 25.november | Bygdekvinnelaget

Ringsaker bygdekvinnelag

Ringsaker Bygdekvinnelag har jobba for skulemåltid i eigen kommune i fleire år. Her er bilde frå konferanse om skulemat i kommunen i 2019. Sanna Røhr framme til høgre.