Hopp til hovedinnhold
– Til fleire kvinner som frigjer seg, til betre vert det for unge generasjonar, både for jentene og gutane, seier Amal Aden til bygdekvinnene. Foto: Helle Cecilie Berger.

– Til fleire kvinner som frigjer seg, til betre vert det for unge generasjonar, både for jentene og gutane, seier Amal Aden til bygdekvinnene. Foto: Helle Cecilie Berger.

Amal Aden: Eg ville ikkje klart å vere der eg er i dag utan at nokon hadde stilt opp for meg

Då Amal Aden kom frå Somalia til Noreg som 13-åring, hadde ho ikkje håp. Eit klapp på skuldra og ein klem frå ein bibliotekar gav ho håp.

Då Amal Aden kom frå Somalia til Noreg som 13-åring, var ho analfabet, traumatisert og hadde ikkje håp. 

Å bu i eit land og ikkje kunne lese og skrive, ikkje ha vener og familie eller nokon å prate med, det var frykteleg vondt som born. Eg var så einsam, frustrert og sint, seier Aden.

Vendepunktet for forfattaren og foredragshaldaren var møtet med bibliotekaren som såg den 15 år gamle somaliske jenta og gav Aden hennar første klem i livet. Den klemmen betydde så mykje at Aden kutta ut rus og kriminalitet.

Å bli sett som individ

Ingenting er betre enn å føle seg velkomen. Det er så viktig å verte sett som eit individ. Ikkje som syrar, flyktning, muslim eller somaliar.

– Eg ville ikkje ha klart å vere der eg er i dag utan at nokon hadde stilt opp for meg, nokon som såg meg og tolmodig viste veg, seier Aden.

Når du får nye naboar frå Ålesund, Syria, Iran eller Italia, oppmoder ho om å legge dine eigne reglar og fordommar til side. Sjå dei som menneske og våg å seie hei til den nye naboen.

Sjå tilflyttarar som ein ressurs

I følgje Aden er det ei utfordring i dag at islam er ein religion mange fryktar. Nokre få muslimar er ytterleggåande, men ikkje la den ytterleggåande gruppa representere alle muslimar. Muslimar er som alle andre. Om du ser på flyktningar som annleis, så vert dei alltid det. Aden oppmoder heller til å inkludere og sjå på tilflyttarar som ein ressurs.

– Mange veit ikkje korleis dei skal ta kontakt med ein som er muslim, og tenkjer mykje på korleis ein kan og bør helse og prate. Å inkludere er viktig for å hindre einsemd og isolasjon. Spør heller ein gong for mykje, er Aden si oppmoding.

Ho understrekar at religion ikkje skal brukast som orsaking for å ikkje spørje nokon om å gjere ein jobb, delta på dugnad eller vere med på vanlege aktivitetar.

Omtykt: I samband med bygdekvinnelaget sitt inspirasjonsseminar vart Amal Aden invitert til å snakke om integrering i Noreg. Foto: Helle Cecilie Berger.

Mor må òg integrerast

– Frivillige organisasjonar gjer ein viktig skilnad, uansett om det er bygdekvinnelag, sanitetsforeninga eller frivillighetssentralane. Kvar ville Noreg ha vert og korleis ville integreringa ha sett ut utan  frivilligheita? spør Aden.

I mange kommunar i Noreg er flyktningekonsulenten på jobb berre tysdagar eller fredagar og sluttar på jobb klokka fire. Aden meiner difor kommunen og innbyggarane i kommunen har eit felles ansvar for å vere gode medmenneske. Erfaringa til Amal Aden er at mange minoritetskvinner isolerer seg.

– Eg ser at om mor ikkje er integrert, så vert ikkje borna heller noko særleg integrerte. Det vert ein tung veg for borna å gå åleine. I motsett fall er mi oppleving at om mor er integrert, så er meir enn halvparten av familien integrert, seier Aden.

Ho legg vekt på at om integreringa skal gå bra er vi avhengig av å integrere heile familien. Om foreldra ikkje er ein del av det norske samfunnet vert utfordringa større. Det er mange eldre med minoritetsbakgrunn som har mykje makt i familien. Det er avgjerande å snakke med mor, far og borna, og ikkje gløyme bestemor og bestefar.

Lukkast best med integrering på små stader

Etter mange reiser og møter rundt i Noreg er konklusjonen til Aden at ein lukkast best med integrering på små stader. Det er her ho møter unge somaliske jenter som spelar fotball og handball. Ein av grunnane er at det ikkje er like mykje negativ sosial kontroll her som i byane.

I sine møter med unge somaliarar ser ho òg at ein del unge er meir religiøse enn eigne mødre og bestemødre. Mange unge går med hijab, medan mødrene ikkje gjer det.

– Når unge jenter som har vakse opp i Noreg meiner det er greitt å ha tre til fire koner, då tenkjer eg at det er noko som har gått gale, seier Aden.

Kampen for likestillinga

Ho skulle av og til ønske at unge kvinner kunne vitje norske bestemødre, slik at dei kunne fortelje om den kampen norske kvinner har kjempa for likestillinga.

– Til fleire kvinner som frigjer seg, til betre bli det for unge generasjonar, både for jentene og gutane. Og det meiner eg at er den einaste måten å kjempe imot negativ sosial kontroll, seier Aden engasjert.

Negativ sosial kontroll og æreskultur er ei stor utfordring i liva til mange innvandrarar.

Ver opne og ærlege på forventningar

Aden meiner norske kvinner, særleg på venstresida, er med på å hindre ei positiv integrering fordi dei er så redde for å krenkje folk. Hennar reaksjon er at ein sjølvsagt ikkje vil krenkje folk, men at vi må vere opne og ærlege på kva forventningar vi har som storsamfunn.

– Ein del kvinner kjem frå kulturar der kvinner sine moglegheiter for å vere sjølvstendig er avgrensa. Her i Noreg har alle kvinner den moglegheita. Vårt felles ansvar er å støtte kvinner slik at dei kan ta eigne val og motiverast til å komme ut og delta i storsamfunnet.

  • Amal Aden har hatt ein tøff oppvekst. Foreldra hennar vart drepne då ho var seks år gammal, og Aden vaks difor opp som gatebarn i Somalia, eit av verdas farlegaste og fattigaste land.
  • Ho kom til Noreg i 1996 med store psykiske problem. Bornevernstenesta meinte ho kunne vere farleg for andre born. Løysinga deira var å plassere Aden, som då var 13 år, åleine i ei leilegheit.
  • Ho følte seg usynleg og sjølv om Noreg er eit av verdas beste land å bu i, var den første tida for ho i Noreg verre enn krigen i Somalia. Hennar val stod mellom einsemd og eit kriminelt miljø - eit miljø kor ho i alle fall hadde vennar. 
  • Amal Aden er ein anerkjent forfattar og gav ut si første bok «Se oss – bekymringsmelding fra en ung norsksomalisk kvinne», hausten 2008. Ho har òg gjeve ut boka «ABC i integrering» (2009), «Min drøm om frihet» (2009) og fleire andre bøker.
  • Aden har motteke ei rekkje prisar, blant dei Zola-prisen i 2010 for sitt arbeid med norsk innvandrings- og integreringspolitikk og Buskerud fylkeskommunes likestillingspris for 2010. Ho er heidra med Amnesty-prisen 2012 for sitt engasjement for kvinner og born i minoritetsmiljø, og brukar ytringsfridomen aktivt til tross for trakassering og truslar