Bli med på Bygdekvinnelagets inspirasjonsseminar!

Vi inviterer alle Bygdekvinner til ei fantastisk helg fylt med gode møter, fagleg påfyll og konsertar på Lillehammer 5.-7. november 2021. Bli med!

Inspirasjonsseminaret er eit unikt tilbod til alle våre medlemmer. Du treng ikkje å sitje i eit lokallagsstyre eller ha verv for å delta. Her får alle medlemmer sjansen til å vere med, og du kan kome åleine eller saman med andre medlemmer. Bygdekvinnelaget sitt inspirasjonsseminar er ein møteplass for bygdekvinner frå heile landet. Her skal du kunne lene deg tilbake og nyte ei helg med fagleg påfyll, god mat, musikk og sosialt samvær.

- Mange har hatt eit år med lite sosialt samvær, så dette vert verkeleg eit høgdepunkt, seier Jorun Henriksen, leiar i Norges Bygdekvinnelag. 

Velkommen til Lillehammer
Norges Bygdekvinnelag sitt inspirasjonsseminar vert arrangert på Lillehammer 5. - 7. november 2021. Vi skal bu på Scandic Lillehammer Hotel som ligg sentralt til med gangavstand til Lillehammer sentrum. Hotellet vart bygd i 1872, men totalrenovert i 2019. Hotellet har store gode møtelokaler og er god stad å vere på seminar. Her er det stor hage, tilgang på basseng og hyggeleg stader å setje seg ned for ein prat. Ta med badedrakt, nyt ei stund i badstova eller gå ein tur i nærområdet. 

Inspirasjonsseminaret byrjar fredag 5. november klokka 17.00, men allereie frå klokka 16. 00 kan du registrere deg. Allereie fredagen er vi i gang med innlegg, musikk og middag. Laurdag vert det eit mangfaldig og spanande program før vi pyntar oss til festmiddag og konsert om kvelden. Søndag er siste dag og vi fyller dagen før vi avsluttar med lunsj og heimreise. 

Pris for mat og overnatting frå fredag 5. november til søndag 7. november er kroner 3815 ,- per person i enkeltrom, og kroner 3215,- per person i dobbeltrom. Dette inkluderar torettars middag fredag, lunsj og festmiddag laurdag og lunsj søndag.  Alle deltakarar må òg betale ei seminaravgift på kroner 600,- per person.

Gå inn på min side på bygdekvinnelaget.no her for å melde deg på Bygdekvinnelagets inspirasjonsseminar 2021

Meld deg på innan 10. september!

*Om du ikkje får til å melde deg på eller opplever tekniske problem kan du ta kontakt med organisasjonsrådgjevar Astrid Seime på e-post astrid.seime@bygdekvinnelaget.no eller telefon 908 72 411.  

*Brukarnamnet ditt er e-postadresse di. Om du ikkje har passordet ditt tilgjengeleg eller ikkje har passord trykker du på glemt passord nede til høgre for å få passord sendt til din e-post. 

Programmet 
Vi arbeider med å få på plass eit spanande og mangfaldig program. Eit viktig kjenneteikn for inspirasjonsseminaret er den gode kombinasjonen av faglege og inspirerande innlegg, sosialt samvær med god mat, hyggelege møter og musikalske opplevingar. 

Robert Mood er ein av dei som skal halde innlegg. Mood er tidlegare president i Norges Røde Kors og har en mannsalder bak seg i Forsvaret. Han har tjenestegjort i konfliktområder over heile verda. I den nye bok «Kunsten å stå opp om Morgenen» ausar Mood av eigne erfaringar og formulerer 10 råd for livet. I boka viser han korleis Forsvaret sine verdiar om samhald, disiplin og involvering kan overførast til alle delar av livet. Bygdekvinnelaget vil utfordre Mood til å seie noko om både livet, frivillegheita sin verdi og inkludering av minioritetskvinner.

Anita Kåss
Lege og forskar Anita Kåss kjem til årets seminar. Kåss har spesialisert seg på kjønnshormoner og autoimmune sjukdommar. Funna hennar har vakt internasjonal oppsikt. Vi ser verkeleg fram Kåss sitt innlegget på årets seminar. 

Anne Ekornholmen 
Ekornholmen er politisk redaktør i Nationen, og kjem til inspirasjonsseminaret for å dele sin kunnskap og tankar kring jordvern og kampen om arealressursa. Dette er eit tema Bygdekvinnelaget har jobba med i mange år, som vi ser fram til å lære enno meir om. 

Marta Breen - Kvinner i kamp
Den prisbelønte forfatteren Marta Breen er blant Nordens mest profilerte feministar. Ho har skreve ei rekke sakprosabøker om musikk, feminisme og kvinner i norsk samfunnsliv. 
I sitt  foredraget skal Marta Breen guide oss gjennom feminismens historie, fra det første kvinnesaksmøtet i historien til #metoo. Ho skal også snakke om behovet for feminisme i vår tid og syne døme på korleis media og populærkultur ofte framstiller kvinner og menn på stereotypt vis.
 

Carol og Thor Kvande skal halde konsert fredag kveld. Dei har begge musikken som sin lidenskap i livet og gledar seg alltid over å kunne nå ut med sin lidenskap til både publikum og unge talent.

På denne konserten vil dei spele songer frå heile repertoaret sitt og dele av erfaringane frå reisa frå Sør-Afrika til Noreg. Songaren Carol Kvande kom til Noreg frå Sør-Afrika for 12 år sidan, og har blitt Lillehammer si eigne diva med fokus på musikalsk jazz og soul. Ho har opptrådt for både kongelege, regjeringstoppar og skulebarn. Saman med ektemannen Thor er dei involverte i fleire prosjekt som musikarar, lærarar og instruktørar. 

I arbeidet med prosjektet Kulturhjerte er dei med på å skape ein møteplass og utvilingsarena for barn og ungdom frå heile verda. Saman skaper dei teaterforestilling basert på uttrykk frå alle sine opphavsland. Carol er også lærar på den nyoppstarta kreative vidaregåande skulen Create på Lillehammer.

Unik konsert med Hildegunn Øiseth og Mattis Kleppen
Hildegunn er trompetist men også anerkjend for sitt bruk av det norske ur-instrumentet bukkehorn. Øiseth er kjend for å kombinere norsk og samisk folkemusikk med austlege og afrikanske musikktradisjonar. Ikkje minst hentar ho inspirasjon frå sine røter i Finnskogen. Ho har gjeve ut 4 solo-album og har heile verda som arbeidsplass.

 

Mattis Kleppen er  jazzmusikar med bassgitar som instrument. Kleppen er også ein som har funne sin eigen veg, og  på sitt førre album blanda han tonar frå Telemark og Mali/Mississippi. No har Kleppen starta arbeidet med ein oppfølgjar til soloplata «Bassgitar». Denne kjem ut i 2021. Kleppen har turnert Norge og Europa de siste åra, og har motteke både Folkelarmprisen og vunne «Åpen klasse» på landskappleiken saman med Ottar Kåsa. Vi ser fram til å høyre duoen Øiseth og Kleppen på årets inspirasjonsseminar.



Koronapandemien
Norges Bygdekvinnelag vil følgje nøye med på utviklinga av koronapandemien. Vi tek forbehold om at Inspirasjonsseminaret kan bli avlyst om det ikkje er i tråd med nasjonale tilrådingar. Om dette vert tilfelle vil vi gjennomføre eit digitalt arrangement. Vi vurderer situasjonen fortløpande.

Meld deg på Bygdekvinnelagets inspirasjonsseminar

Kvar
Scandic Lillehammer Hotel på Lillehammer

Når
Fredag 5. november til søndag 7. november 2021

Pris for mat og overnatting
Frå fredag 5. november til søndag 7. november:
Kroner 3815,- per person i enkeltrom
Kroner 3215,- per person i dobbeltrom

Deltakaravgift
Kroner 600 per person

Frist for påmelding er 10. september!

Meld deg på her! Du finn også arrangementer ved å på inn på min side.

Dette gjer du for å logge inn på Min side 
For å logge inn på min side brukar du e-postadressa di som brukarnamn. Trykk glemt passord for å få tilsendt passord til di e-postadresse. Når du har motteke passordet ditt kan du opprette eit eige passord og logge deg inn. 
Om du treng bistand for å logge på min side kan du ta kontakt med Marie Aaslie på telefon 907 90 047

Når du melder deg på får du ulike val som du krysser av for og fyller inne. Her kan du blant anna kommentere kven du vil dele rom med, gje beskjed om allergiar, og velje ei ekstra natt frå torsdag til fredag. 

Har du spørsmål  kan du ta kontakt med Astrid Seime på telefon 908 72 411 

Bli medlem