Mellom hender-fra hånd til hånd- skapar identitet for Setesdal
Aktiviteten for kurs i Valle og Hylestad bygdekvinnelag er stor, og her har de sendt inn en flott artikkel om kursvirksomheten deres. Teksten er skrevet av Randi Gåserud Myrum og Elise Marie Kringen. Bildene er tatt av Bjørg Ragnhild Trydal Jahnsen.
Mellom hender – frå hand til hand - skapar identitet for Setesdal
Dei to bygdekvinnelaga i Valle – Hylestad bygdekvinnelag og Valle bygdekvinnelag samarbeider om kursverksemda i kommunen gjennom Studieforbundet tradisjon og kultur. I dei to siste åra er dei på topp med kurstimar samanlikna med Agder.
Hovudfokus på kurstilboda er knytt til tradisjonskulturen og bunaden. Setesdølane nytta tidlegare bunaden som kvardagsklede, endå einskilde heilt fram til 80-talet. Interessa starta på 60- 70-talet då ein fann fram att og fekk fokus på bunader som var lagra på loft og i stabbur kring på gardane. Ein fann verdi i dei gamle draktene. Bunaden vart etter kvart i større grad nytta som festdrakt. Til då hadde kunnskapen gjerne gått frå hand til hand og gjerne frå mor til dotter.
Kraftutbygginga i Setesdal starta på sekstitalet og kommunen fekk auka tilflytting. Det vart auka fokus på lokal identitet og lokale verdiar. Dette førte til interesse for kurs. Kursa var ein plass å treffe folk, bli kjende med kvarandre, læring og sosialt fellesskap. Mange tilflyttarar vart på denne måten kjende med sambygdingar og med kvarandre. Frå tidleg 70-tal var det kurs kvart år. Sentrale kurshaldarar i starten var May Lis Flateland og Anne Lise Harstad saman med Ingebjørg Vegestog.
Det var kurs både vår og haust. Dette var komplisert handarbeid og mykje arbeid. Folk gjekk gjerne på same kurs fleire gonger for å få ting ferdig. Ein reknar i dag at det tar om lag 150 timar å sy ei dalebukse. I tillegg kjem omlag 200 timar til heimearbeid mellom kurstimer og etter kurset er ferdig. Same timetall gjela for stakken. Kursa i 2024/2025 omfatta dalebukse, stakk, rundtrøye, jure, gutetrøye, kelimjure, skjorte i tillegg til baking av lefser og braud.
Då Setesdal Husflidsentral starta opp var dette eit kjærkome tilbod både med tanke på kompetanse og for å få tak i stoff og anna tilverke. Fleire vevde stoff, men etter kvart fekk ein kjøpt frå Sjølingstad ullvarefabrikk, Mandal veveri og etter kvart frå Gudbrandsdal veveri. Viktige kursmedhjelparar frå husflidsentralen har vore Inger Homme og Randi G. Myrum.
Det vart utvikla ein stoltheit for stakken og dalebuksa og eit ynskje å bruke den til fest og høgtidelege samlingar og vart ein del av identiteten og kulturarven i heile Setesdal.
Bruken av bunaden er ein del av den immaterielle kulturarven som no er verna av UNESCO. Dette styrkar kursaktiviteten innanfor den tradisjonen som vi har med å bruke bunaden og vere stolte av det