Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

Mar
25
Sat

ÅRSMØTE HORDALAND

HÅHEIM GÅRD
-

Invitasjon til årsmøte i Hordaland Bygdekvinnelag Laurdag 25. - sundag 26.mars 2023 på Haaheim Gaard, Tysnes Tysnes Bygdekvinnelag vil saman med Omvikdalen Bygdekvinnelag, få ynskja velkomen til årsmøte på vakre Haaheim Gaard på Tysnes. Vedlagt program og påmeldingsskjema. Haaheim Gaard var frå gamalt av, ein fjellgard å rekna. Den ligg høgt oppe i lia omtrent midt på øya. I slutten av mars kan det enno vera litt vinter her, men aller helst ynskjer me det må vera ein gryande vår som alltid er like fantastisk her. Haaheim Gaard har plass til 60 gjester fordelt på doble rom og familierom med 3 og 4 sengeplassar. Alle prisar er oppgitt i påmeldingsskjema. Og det er gitt oss ein pakkepris frå fredag til sundag, med ein rabatt på kr 435,- på ordinær pris, då med alt inkludert. For dei som kjem fredag kveld, er det mogeleg å få kjøpt middag eller noko enklare. Til festmiddag er det inkludert alkoholfri drikke til maten, men for eigen kost, kan ein få kjøpt øl eller vin. Det vil vera tilgjengeleg brødmat og kaffi laurdag morgon for alle som kjem tilreisande. Om det vil vera behov for, har me i tillegg ein avtale om 2 hytter i nærleiken. Den eine har plass til 6 personar og kostar kr 1000,- per natt og den andre har plass til 4 personar og kostar kr 450,- per natt. Her er det ingen service, men ein kan få kjøpa frukost på Haaheim til pris kr 250,-. Reisa til Tysnes: Frå Stord til Hodnanes: følg veg 549 mot Våge og følg skilting til Haaheim når du har passert Uggdal kyrkje. Frå Halhjem til Våge: følg veg 549 mot Stord. Det er fyrste avkjøyring i rundkjøyringa, og etter omlag 2 km det er skilta til Haaheim. Frå aust går det ferje frå Årsnes til Gjermundshamn. På Haaheim er det god parkering. Det er god off transport med buss frå Bergen til Halhjem og ferje til Våge. Frå Våge kan me vera behjelpeleg med å skaffa transport til Haaheim. MERK at påmelding er bindande etter 20.februar. Om de lurar på noko kan Kjersti kontaktast på kjersti@wallem.net eller på telefon 93428951. Det hadde vore fint om dei som har, tek med bundad til festmiddagen. Då er det berre å ynskja oss alle ei triveleg helg på Tysnes, dette gler me oss til. For meir info om Haaheim Gaard sjå på: HEIM (haaheimgaard.no